FysioterapiDu kan ta kontakt med ein fysioterapeut dersom du har utfordringar i forhold til bevegelse og funksjon. Fysioterapeutane førebyggjer og behandlar sjukdom og plager i muskel- og skjelettsystemet. Sist endra15.10.2020 15.05 Kven kan få tilbodet? Dersom du har skada deg eller av andre grunnar har nedsatt fysisk funksjon, kan du få hjelp av fysioterapeut Kva kan du få hjelp til? Observasjon, undersøking og vurdering Kartlegging av funksjon og råd om å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar Råd og rettleiing for å betre eller bevara funksjon og førebyggja sjukdom og skade Tilrettelegging av dei fysiske omgjevnadane heime, i barnehagen, på skulen eller arbeidsplassen Trening med sikte på at du skal klare viktige daglege funksjonar Utprøving, hjelp til søknad om og opptrening i bruk av tekniske hjelpemiddel Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper Gruppetrening Individuell behandling Vere med på å setje realistiske mål for habilitering/rehabilitering Vere med å utarbeide Individuell plan Oppfølging etter utskriving frå institusjon/sjukehus Førebyggjande tiltak i skule/barnehage Kvardagsrehabilitering Slik søkjer du Du kan ringe fysioterapeutane Her finn du ein liste over fysio- og ergoterapeutar i kommunen Søknadsfrister Det er ingen søknadsfrist, ein søkjer ved behov.