Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Koordinerande eining, individuell plan og koordinator

Koordinerande eining, individuell plan og koordinator

Koordinerande eining skal vere eit kontaktpunkt for samarbeidet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Eininga skal og syte for at tenestene til deg som brukar vert sett i samanheng, og at det er kontinuitet i dei ulike tiltaka du tek i mot. 

Kven kan få tilbodet? 

Om du som brukar har behov for langvarige og koordinerte sosial- og/eller helsetenester har du rett til ein individuell plan og ein koordinator, om du ynskjer dette. 

Kva kan du få hjelp til? 

Ein individuell plan er eit skriftleg dokument og eit verktøy for samarbeid mellom deg som tenestemottakar og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Den individuelle planen skal sikre at det til ein kvar tid er ein tenestytar som har hovudansvaret for oppfølginga av deg som brukar. Brukar har sjølv rett til å medverke i planarbeidet, og ordninga består mellom anna av ein kartlegging av dine ressursar, mogelegheiter og behov. 

Slik søkjer du 

Både brukaren sjølv, pårørande eller fagfolk kan ta kontakt. Om du har spørsmål om habilitering og rehabilitering, eller ynskjer ein koordinator og/ eller individuell plan, ta kontakt med koordinerande eining. 
Bruk dette skjema for å melde behov: melding om behov for individuellplan og eller koordinator (PDF, 51 kB)

Søknadsfristar 

Søknad ved trong for tenester 

Prisar 

Tenesta er gratis 

Klage 

Tilsegn, samtykkje eller avslag på individuell plan vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Du kan likevel klage på avslag om individuell plan etter lova om brukar- og pasientrettar § 7-2.   

Avgjerd om oppnemning av koordinator vert heller ikkje rekna som enkeltvedtak. Retten til å klage etter lova om brukar- og pasientrettar omfattar ikkje oppnemning av koordinator. 

Lover og reglar 

Forskrift om individuell plan og koordinator er heimla i helselovgivinga som trådde i krafta 1. januar 2012. Rett til individuell plan følgjer elles også NAV-lova frå 2006, lov om sosiale tenester i NAV frå 2009 og barnevern lova. Avklaringane om klagerett ved individuell plan og koordinator kjem fram av brev frå Helse- og omsorgsdepartementet til Nettverk av koordinerande einingar i storbykommunane 31.01.2012, og til Fylkesmannen i Vestfold 22.03.2012. 

Kontakt

Koordinerande eining
E-post

Tildelingskontoret v/ Voss sjukeheim   
Sjukeheimsvegen 15  
5704 Voss  
Tlf: 56 52 13 00 / 04