Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Rehabilitering

Rehabilitering

For kven?  

Tilbodet er retta mot deg som har behov for tverrfagleg rehabilitering på døgninstitusjon for at du skal kunna meistra kvardagen din i eigen heim. Rehabilitering er ein målretta prosess i ein tidsavgrensa periode. 

Tilbodet er til deg som:  

  • er medisinsk avklara og ferdig behandla frå fastlege eller sjukehus og treng rehabilitering etter akutt sjukdom eller operasjon 
  • bur heime og har hatt eit fall i funksjonsnivå over tid  
  • har behov for intensiv trening med tverrfagleg oppfølging ein periode 
  • du ynskjer å trena deg opp og er motivert for rehabilitering 

Målsetjing 

Vår overordna målsetting er å hjelpa deg å oppleva større tryggleik og meistring, styrka kvardagen din og auka livskvalitet. Me tilpassar rehabiliteringstilbodet etter dine mål, funksjonsevne og ressursar.  

Kven er me?  

Me er eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeutar, sjukepleiarar, vernepleiar, hjelpepleiarar og lækjar.  

Mål for opphaldet 

Med utgangspunkt i din situasjon og føresetnader, hjelper me deg å utarbeida ein plan og setja mål for opphaldet. Ut i frå dine mål, rettleiar me deg i rehabiliteringsprosessen din.  

For at du skal nå måla du set deg, vert det lagt vekt på eigeninnsats, aktiv deltaking og motivasjon. Dette er ein føresetnad for ei vellukka rehabilitering. Hugs at det du gjer i daglege gjeremål og er god trening. 

Døme på tilbod 

  • Tverrfagleg kartlegging av funksjon, utfordringar og ressursar 
  • Trening i daglege aktivitetar  
  • Individuell fysio-og ergoterapitrening  
  • Fellestrening alle dagar. Kl 1400 kvardagar og kl 1100 i helg. 
  • Kartleggja behov for hjelpemiddel og leggja til rette for eit trygt miljø heime 
  • Lækjar kvar tysdag  
  • Kartlegging og oppfylging av ernæringsstatus 

Om oss: 

  • Hagahaugen ligg tett på naturen med flott utsikt over Vossabygda. Me har ein rein rehabiliteringsavdeling med 8 plassar som for tida er plassert i 2.etasje på Voss sjukeheim. Alle rom har eige bad og tilgang til trådlaust nettverk.  
  • Har du eigne hjelpemiddel, til dømes rullator, ynskjer me at du tek dei med deg. Du skal  ikkje ta med deg eigne medisinar. 
  • Me vaskar ikkje  privattøy i avdelinga. Ta med litt ekstra treningstøy. 

For brukarar som allereie har tenester:

Vurderingssskjemaet skal bli utfylt av fagperson. Vurderinga vedleggas «Søknad om pleie- og omsorgstenestar». Fagperson kan vere, i blant anna, heimesjukepleie, fastlege, eller andre helsepersonell som er i jamleg kontakt med brukar.

Søknadsprosessen

Kontakt

Sjukeheimane

Voss sjukeheim

Sjukehusvegen 15
5704 Voss
Tlf: 56 52 15 00

Vetleflaten omsorgssenter

Hardangervegen 49
5705 Voss
Tlf: 56 53 12 00

Vossestrand omsorgstun

Oppheimsvegen 35
5713 Vossestrand
Tlf: 56 52 90 60

Granvin sjukeheim

Eidesvegen 24
5736 Granvin
Tlf: 56 52 41 40

Aldersheim, rehab og trygg på Hagahaugen

Hagahaugvegen 30
5705 Voss
Tlf: 56 52 25 00