Bli støttekontaktVoss kommune treng deg som har lyst til å bli støttekontakt. Målet med støttekontakttenesta er å hjelpa menneske til å delta i sosial og meiningsfull fritid. Tenesta kan gis til born, ungdom eller vaksne, som ikkje kan delta på ulike fritidsaktiviteter på grunn av fysiske, psykiske eller sosiale avgrensingar. Alle kan i utgangspunktet verta støttekontakt, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller liknande Sist endra07.01.2020 10.43 Bli støttekontakt Kva er støttekontakttenesta? Støttekontakttenesta er eit fritidstiltak for dei av kommunens innbyggjarar som treng støtte og bistand for ei meiningsfull fritid. Desse betegnast heretter som «bruker». Tenesta jobbar ut frå brukar sine ynske og behov, og skal gje rom for å realisere desse. Til dømes ynskjer brukaren auka aktivitet eller hjelp til samvær med andre. Å legga til rette for at brukaren opplever å meistra, er ein av støttekontakten sine viktigaste oppgåver. Det er mange ulike menneske som kan ha behov for ein støttekontakt. Det kan til dømes være menneske med nedsett funksjonsevne, menneske med ulike psykiske lidingar, ungdom med rusproblem, einsame eldre med meir. Støttekontakttenesta er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester og er ein av fleire tenester som kommunen kan tilby for dei som treng personleg assistanse. I Voss kommune er det organisert slik at bruker søker om støttekontakt til tildelingskontoret. Tildelingskontoret vurderer søknaden og om vedtak vert fatta vert det gjeve melding til støttekontaktkoordinator. Koordinator sett då i gang eit arbeid med å finne rett støttekontakt til brukaren. Kva er ein støttekontakt: Å vera støttekontakt er eit gjevande oppdrag, og fint å ha med seg på CV. Ein støttekontakt/treningskontakt er ein person som over tid kan hjelpa eit anna menneske til å bli meir trygg på seg sjølv, å takle ulike livssituasjonar betre og å omgås andre menneske i større grad. Støttekontakten er ein person som er betalt av kommunen for å hjelpe ein annan person til sosialt samvær og meiningsfull fritid. Tilbodet kan vere individuelt, eller i gruppe. Du som støttekontakt må klare balansegangen mellom å væra eit menneske som gjer hyggelige ting saman med deltakaren, slik ein gjer med vener, og samtidig vite at forholdet er klart avgrensa, betalt og regulert i ein kontrakt. Støttekontakten må ha overskot å gi av seg sjølv, være trygg på seg sjølv og kunne samarbeide. Støttekontakten må kunne halde avtalar, sette grensar og væra profesjonell i rolla si som støttekontakt. Støttekontakten må væra ein god rollemodell og overhalde reglar og lovar. Alkohol og andre rusmidlar skal ikkje nyttast i samvær med brukaren. Korleis gjer me tenesten til brukarane? Individuell støttekontakt: Ein støttekontakt på ein bruker. Ein kan også være to støttekontaktar som begge jobbar med same brukar på ulike tidspunkt. Deltaking i aktivitetsgruppe. Nokre støttekontaktar jobbar som gruppeleiarar/aktivitetsleiarar. Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon. Kursbaserte aktivitetar som malekurs, klatrekurs, sminkekurs, matlagingskurs som ein kan melda seg på, og som går over ei bestemt periode. Deltakarane brukar av støttekontakttimane dei har fått vedtak på for dette. Kven kan verta støttekontakt? Alle kan i utgangspunktet verta støttekontakt, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller liknande, men følgjande krav stillast: Det må ligge føre plettfri vandel, politiattest må visast fram før ein inngår første avtale om ein skal jobbe med born eller personar med psykisk utviklingshemning. Du må være oppriktig engasjert i tenesta og ha ønske om å hjelpe andre menneskje Du må være over 18 år og ønske å gå inn i eit oppdrag over eitt år eller meir Du må være lojal, halde avtaler og overhalde teieplikta. Interesser, kjønn, alder og erfaring vil ha innverknad for kva for ein støttekontakt som vert rekruttert til kva for ein bruker. Dette fordi vi ynsker å oppfylle brukar sine ynske og behov, og legge til rette på best muleg måte for at brukar og støttekontakt skal få det fint i lag. Oppgåva som støttekontakt dreier seg mykje om å gi respekt og støtte, og evna til å sette seg inn i eit anna menneske sin situasjon. Dette stiller krav til støttekontakten i form av evner som empati, refleksjon og sjølvinnsikt. Her kan du søkja om å verte støttekontakt Ynskjer du å verte støttekontakt kan du sende søknad til Støttekontakttenesta i Voss herad. Send søknaden til: Støttekontakttenesta Uttrågata 9 5700 Voss Søknadskjema finner du her: Her finn du hefte for deg som er støttekontakt Hefte til deg som støttekontakt i Voss herad (PDF, 2 MB) Her finn du link til å fylle ut timelistene i MinGat Link til MinGat Instruksjonsmanual til MinGat finn du her (PDF, 702 kB) Her finn du link til å fylla ut reiserekningar i Visma Link til Visma Instruksjonsmanual til Visma finn du her (PDF, 2 MB)