StøttekontaktDersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller koma ut av eit isolert tilvære på grunn av funksjonshemming eller sosiale utfordringar kan du søkja om støttekontakt. Sist endra14.09.2020 10.43 Kven kan få tilbodet? Dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller koma ut av eit isolert tilvære på grunn av funksjonshemming eller sosiale utfordringar kan du søkja om støttekontakt. Kva kan du få hjelp til? Tenesta kan organiserast på følgande måte: Individuell støttekontakt/treningskontakt Deltaking i aktivitetsgruppe Individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon Kven kan søkja om tenesten: Personar med utviklingshemming, psykiske lidingar og/eller fysisk funksjonshemming Personar som er sosialt isolert og/eller treng bistand til meiningsfulle fritidsaktivitetar Det vert tatt utgangspunkt i søkjar sin totale livssituasjon, eigne interesser og behov Tenesta vert tildelt personar som ikkje sjølv har mogelegheit til å delta på fritidsaktivitetar utan assistanse Born under skulealder vil unntaksvis kunne få støttekontakttimar grunna at små born sjeldan deltek på aktivitetar utan fylgje av foreldre/føresette Forhold som ikkje gjev rett til tenesta: Trong for hjelp eller bistand der det vert forventa at nære familiemedlem dekkjer behova. Det kan til dømes vera foreldre/føresette, sysken, besteforeldre, samboar/ektefelle eller andre med nær relasjon til brukar Ordninga vert ikkje innvilga grunna trong for avlasting hjå pårørande, til praktisk bistand eller helsehjelp Støttekontakt vert som hovudregel ikkje gitt til personar som bur i institusjon eller bemanna omsorgsbustad eller som har trong for 1:1 personalressurs Norskopplæring til flyktningar/innvandrarar Trong for fylgje til offentlege kontor og lege Trong for transport/fylgje til fritidsaktivitetar dersom personen kan delta på aktiviteten utan assistanse Tenestemottakar sitt ansvar: Syte for nødvendig utstyr Halde avtalar og sei frå om ein ikkje kan møta til avtalen Oppdragstakar skal ikkje utsettast for trakassering eller anna utilbørleg åtferd jfr. Arbeidsmiljølova § 4-3 Pris: Tenesta dekker ikkje utgifter til aktivitetar Det er ingen eigenbetaling på støttekontakt Støttekontakttenesta Her finn du informasjon om søknadsprosessen All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå etter ei individuell og tverrfagleg vurdering. Det er ikkje søknadsfrist, ein søkjer ved behov. Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Tildelingskontoret. Søk om tenesta her Her finn du søknadsskjema Skjema for fullmakt Søknad skal sendast elektronisk på lenke eller per post til: Tildelingskontoret v/ Voss sjukeheim Sjukehusvegen 15 5704 Voss Her finn du informasjon om sakshandsaminga Tildelingskontoret registrerer og fordeler alle innkomne søknader fortløpande. Du vert kontakta så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden din. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, samt når du kan forvente å få eit vedtak. Din søknad vil verta individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet for deg. Saman med sakshandsamar vil dine eigne ressursar og mogelegheit for aktiv deltaking verta avklart for å vurdera rett tenestetilbod. Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp du vil få og i kva omfang. Dersom du får avslag på søknaden din eller mindre hjelp enn du har søkt om, skal dette grunngjevast og du kan klaga på vedtaket. Du finn prisen her Lenkje til prisar Informasjon om klage finn du her: Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Andre kan etter fullmakt klaga for deg. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagde tenester) eller heradet si klagenemnd (ikkje lovpålagde tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen vert tatt til fylgje. Tildelingskontoret v/ Hagahaugen rehabiliteringssenter Hagahaugvegen 30 5705 Voss Her finn du tildelingskriteriane for helse og omsorgstenester i Voss herad Heile dokumentet i pdf format finn du her (DOCX, 256 kB) Lover og reglar Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstjenesteloven §3-2, fyrste ledd nr.6 bokstav b. Pasientrettigheitsloven Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester (Helse- og omsorgstjenesteloven)