Oasen aktivitetssenter

Oasen aktivitetssenter er ein møteplass og eit lågterskel tilbod for deg som har psykiske utfordringar. Desse kan vera korte, forbigåande eller langvarige og kroniske.

Hjå oss kan du få ein strukturert og meiningsfull kvardag. Me har fleire ulike aktivitetar og kjekke gjeremål om dagane. Om ynskjeleg kan du få individuelle samtalar. Me har allmøte ein gong i månaden for å sikra at dei som har noko på hjarta, stort eller smått, får ta dette opp.  

Døme på aktivitetar kan vera

  • rulling av dukar
  • ljosstøyping
  • toving
  • matlaging og felles måltid
  • smykkelaging
  • samvær med andre
  • trim
  • spel
  • turar
  • delta på kulturelle arrangement
  • treningsgrupper

Me tilbyr innbyggjarane våre å rulla dukar til ein rimeleg pris. I tillegg sel me mange fine gode heimelaga produkt som til dømes ljos, såper og små strikkeprodukt.

Ta kontakt per telefon eller stikk innom oss i 1. etg på Knutepunktet. Velkomen!

Følg med på vår Facebookside!

Kontakt

Oasen aktivitetssenter

Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1
5704 Voss
Ope: Måndag - Fredag kl. 10 – 15

Tlf: 960 97 736