Her kan du tinga tid for testing på nettet.
Du kan og ringe 900 89 662 for å tinga time. Det er stor pågang, og det kan vera lang ventetid.
For å få gjennomført telefonsamtalene mest mogleg effektivt, er det viktig at alle som ringjer tenkjer gjennom og har klart fylgjande:
- Personnummer på alle som skal verta testa
- Raskt kan svara på om dei i løpet av dei siste ti dagane har vore i nærkontakt med nokon som har testa positivt for covid-19
- Raskt kan svara på om dei har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane
- Svara ja eller nei på om dei i løpet av dei siste ti dagane:
- har hatt feber
- hosta
- vore tungpusta
- har hatt tap av smak- eller luktesans
- har symptom på forkjøling eller sjukdom
Dersom ein ringjer på vegner av ande, må desse spørsmåla vera avklart før ein tek kontakt.
Dersom ein har symptom, skal ein uansett halda seg heime. Det er difor ikkje avgjerande å verta testa så raskt som mogleg. Voss herad ber om tolmod og forståing for at det er stor pågang, og at dei som tek kontakt må rekna med noko ventetid.
Testing
Koronatest vert gjennomført frå ei luke i veggen på testsenteret i Lekvebakken 15B, ikkje gjennom vindauga på bilen slik det har vore gjort tidlegare.
- Dei som kjem med bil køyrer fram til merka plass.
- Gå bort til luka når det er ledig. Ha fødsels- og personnummer klart.
- Små born sit på stol ved testing.
- Dei som kjem gåande eller syklande vendar seg i luka når dei kjem.
- Still deg i køen sjølv om du er tidleg ute.
Testing vert utført av helsepersonell. Ein kan ikkje møta opp utan time fordi det er viktig at me ikkje samlar mange menneske på same plass. Ta med deg legitimasjon. Minnar om å lesa FHI sine retningslinjer for testing.
Testdagar:
Måndag, onsdag og fredag. Frå 1. februar: måndag og torsdag.
Telefontid for tinging av time:
Tlf 900 89 662 er open kl 09.00-12.00 på kvardagar.
Ved stor pågang må ein pårekna kø på telefonen.
Ved lokale utbrot av covid-19 kan desse tidene verta utvida.
For generelle spørsmål om Korona oppmodar me innbyggjarane til å ringa til den nasjonale informasjonstelefonen for Korona: 815 55 015 eller å lese på FHI sine heimesider for oppdatert informasjon om viruset.
Korona august 2020
Hald deg heime og kontakt testsenteret på telefon 900 89 662
Opptre som du er i karantene fram til testresultatet ligg føre
Kom på jobb og opptre som vanleg, men hugs smittevernreglane. Nærkontaktar av dei som testar positivt vert kontakta av Voss herad