AvlastningAvlastning kan tildelast personar eller familiar med særleg tyngjande omsorgsbehov for å avlasta pårørande som er i ein særskilt krevjande omsorgssituasjon. Sist endra27.05.2020 13.58 Kven kan få tilbodet? Pårørande som har «særleg tyngjande» omsorgsoppgåver i heimen. Kva kan du få hjelp til:Det er berre oppgåver som reknast som naudsynte helse- og omsorgstenester som inngår i vurdering om du kan få avlasting. Det vil sei at om du ikkje hadde gjort oppgåva, så ville heradet gitt tenesta. Det er mange som gjev omsorg til sine næraste, utan det vert definert som «særleg tyngjande».Avlastingstenester kan gjevast som heimehjelp til den som har «særleg tyngjande omsorgsoppgåver» i heimen, for eldre som dagaktivitetstilbod eller avlastingsopphald på sjukeheim, for menneske med utviklingshemming i eigne avlastningsbustader, timeavlastning i eller utanfor heimen eller institusjon. Avlasting skal hjelpa pårørande: Ved å redusera omsorgsbelastninga Ved å gje mogelegheit for feriar Ved å gje rom for deltaking i samfunnsaktivitetar Ved å gje tid til å pleie familierelasjonar og sosialt nettverk Kriteria og vilkår: Dersom omsorgsarbeidet er særleg tyngjande Dersom omsorgsarbeidet er av ein slik karakter at den omsorgstrengande ikkje kan vere åleine heile eller store delar av døgnet, og dette medfører avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid til omsorgsytar Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter og det må medføra større behov for hjelp enn det som normalt er forventa i forhold til alder (kriteriet gjeld spesielt barn) Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov som i hovudsak vert teke hand om av privat omsorgsytar. Den omsorgstrengjande må vera heimebuande eller midlertidig opphalda seg i heradet Avlastning skal ivareta omsorgsytaren sine behov, det skal kartleggjast og gjerast ein sjølvstendig vurdering av pårørande sitt behov for avlasting og fattast vedtak om tiltak Vurdering av behovet for avlasting vert vurdert minst ein gong i året eller datofestast i vedtak Avlasting kan erstatta barnehage, SFO eller andre liknande tilbod, når dette vert vurdert som det beste for barnet Dersom avlastingstilbodet ikkje vert nytta eller behovet vert endra, må det meldast frå om elles fell tilbodet vekk Dersom ein får tilbod om andre ordningar så kan avlastingsopphaldet falle vekk. Andre tilbod kan til dømes vere arbeid, bustad, omsorgsstønad eller støttekontakt Søknadsprosessen Her finn du informasjon om søknadsprosessen All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå etter ei individuell og tverrfagleg vurdering. Det er ikkje søknadsfrist, ein søkjer ved behov. Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Tildelingskontoret. Søk om tenesten her Her kan du søkja elektronisk Her finn du søknadsskjema i pdf format (PDF, 106 kB) Skjema for fullmakt Søknad skal sendast per post til: Tildelingskontoret v/ Voss sjukeheim Sjukehusvegen 15 5704 Voss Her finn du informasjon om sakshandsaminga Tildelingskontoret registrerer og fordeler alle innkomne søknader fortløpande. Du vert kontakta så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden din. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, samt når du kan forvente å få eit vedtak. Din søknad vil verta individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet for deg. Saman med sakshandsamar vil dine eigne ressursar og mogelegheit for aktiv deltaking verta avklart for å vurdera rett tenestetilbod. Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp du vil få og i kva omfang. Dersom du får avslag på søknaden din eller mindre hjelp enn du har søkt om, skal dette grunngjevast og du kan klaga på vedtaket. Du finn prisen her Lenkje til prisar Informasjon om klage finn du her: Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Andre kan etter fullmakt klaga for deg. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagde tenester) eller heradet si klagenemnd (ikkje lovpålagde tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen vert tatt til fylgje. Tildelingskontoret v/ Voss sjukeheim Sjukehusvegen 15, 5704 Voss Tlf: 56 52 13 00 / 04 tildelingskontor@voss.kommune.no Her finn du tildelingskriteriane for helse og omsorgstenester i Voss herad Heile dokumentet i pdf format finn du her (DOCX, 256 kB) Lenkjer: Retningslinjer Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenesterLover og retningsliner: Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå Helse- og omsorgstenesteloven § 3-6, fyrste ledd nr 2. Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester og Pasient- og brukarrettigheitsloven § 2-8 Tiltak ved særleg tyngande omsorgsoppgåver. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m (helse- og omsorgstenesteloven) Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)