Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisera praktisk bistand/opplæring og heimetenester på. Tenesta er for deg som grunna nedsett funksjonsevne er heilt eller delvis avhengig av praktisk og/eller personleg hjelp for å meistre dine daglege gjeremål, både i og utanfor heimen. Sist endra22.10.2020 11.15 Kven kan få tilbodet? Personar under 67 år som er tildelt meir enn 25 timar praktisk hjelp per veke. Foreldre som har born med store funksjonsnedsettingar og som er tildelt meir enn 25 timar per veke. Felles er at personane må ha eit langvarig tenestebehov utover 2 år Når det er føremålstenleg å samordna tenester. Tenesta føreset at tenestemottakar, eller deira pårørande/verje, kan delta aktivt i organisering, administrering og planlegging av oppgåver. Kommunen eller privat aktør kan også vera arbeidsgjevar. Kva kan du få hjelp til? Å organisera praktisk bistand/opplæring og heimesjukepleie på. Kriteria og vilkår: Personen som får tildelt tenesta må vera i stand til å ta arbeidsleiarrolla eller ha ein nærståande person som kan vera arbeidsleiar. Søknadsprosessen Her finn du informasjon om søknadsprosessen All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå etter ei individuell og tverrfagleg vurdering. Det er ikkje søknadsfrist, ein søkjer ved behov. Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Tildelingskontoret. Søk om tenesten her Her kan du søkja elektronisk Her finn du søknadsskjema i pdf format (PDF, 106 kB) Skjema for fullmakt Søknad skal sendast per post til: Tildelingskontoret v/ Voss sjukeheim Sjukehusvegen 15 5704 Voss Her finn du informasjon om sakshandsaminga Tildelingskontoret registrerer og fordeler alle innkomne søknader fortløpande. Du vert kontakta så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden din. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, samt når du kan forvente å få eit vedtak. Din søknad vil verta individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet for deg. Saman med sakshandsamar vil dine eigne ressursar og mogelegheit for aktiv deltaking verta avklart for å vurdera rett tenestetilbod. Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp du vil få og i kva omfang. Dersom du får avslag på søknaden din eller mindre hjelp enn du har søkt om, skal dette grunngjevast og du kan klaga på vedtaket. Du finn prisen her Lenkje til prisar Informasjon om klage finn du her: Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Andre kan etter fullmakt klaga for deg. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagde tenester) eller heradet si klagenemnd (ikkje lovpålagde tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen vert tatt til fylgje. Tildelingskontoret v/ Voss sjukeheim Sjukehusvegen 15, 5704 Voss Tlf: 56 52 13 00 / 04 tildelingskontor@voss.kommune.no Her finn du tildelingskriteriane for helse og omsorgstenester i Voss herad Heile dokumentet i pdf format finn du her (DOCX, 256 kB) Desse leverandørane har Voss herad avtale med: 1. Uloba – Independent Living Norge https://www.uloba.no/bpa/ 2. Prima Assistanse https://prima-assistanse.no/ 3. Hav https://havas.no/ 4. AssisterMeg https://www.assistermeg.no/nb 5. Stendi https://stendi.no/ 6. Abcent https://abcent.no/ 7. JAG Assistanse https://jagassistanse.no/ 8. Mio BPA https://mio.no/bpa/ 9. Unicare BAB https://unicare.no/ 10. Human Care https://www.humananorge.no/ 11. Olivia Assistanse https://www.oliviaassistanse.no/nb 12. Helsearbeiderne 13. Tutela https://www.tutela.no/ 14. Assent https://assent.no/ 15. Abri Dialogue https://abridialogue.no/ Lover og reglar Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven. Sjå blant anna Helse- og omsorgstenestelova §3-2, fyrste ledd nr. 6 bokstav b og §3-8 Pasient og brukarrettighetslova §2-1a og 2-1 d