Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Heimehjelp og miljøarbeid - praktisk bistand/daglege gjeremål

Heimehjelp og miljøarbeid - praktisk bistand/daglege gjeremål

Du har rett på hjelp til nødvendige, praktiske gjeremål i heimen dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje er i stand til å utføre slike oppgåver sjølv.   

Kven kan få tilbodet? 

  • Du er over 18 år og bur i eigen bustad.  
  • Har ein medisinsk diagnose   
  • Har opplæringspotensial   
  • Har evne til eigenomsorg   
  • Om du har mogelegheit til å gjera ein eigeninnsats   

Målsetjing er at du som tenestemottakar skal klara mest mogleg sjølv og vera i stand til å bu i eigen bustad. 

Det vil alltid verta vurdert slik at det brukaren kan utføra sjølv, skal brukaren gjera sjølv så langt det er mogeleg. For eksempel dersom brukaren sjølv kan tørka støv med hjelp av eit hjelpemiddel, for eksempel vasketralle, vert det ikkje tildelt hjelp til å tørke støv.

Kva kan du få hjelp til? 

  • Du kan få hjelp til daglegdagse gjeremål som reingjering og klesvask.
  • Du vil også kunne få rettleiing og hjelp til å finne løysingar som gjer deg mest mogleg sjølvhjelpen i dagleglivet.   
  • Miljøarbeid omfattar opplæring og rettleiing til personar med nedsett funksjonsevne.  
  • Miljøarbeid er opplæring og rettleiing i dagleglivet sine gjeremål og sosiale ferdigheiter.
  • Tenesta skal fremma læring, meistring og auka sjølvstende. Hjelp skal tilpassast i samarbeid med tenestemottakar/brukarrepresentant og skal vurderast fortløpande.   

Oppgåver som ikkje inngår i praktisk bistand: 

  • Stryking av klede.
  • Reingjering av område over ”skulderhøgd” eller rom som ikkje er i bruk.
  • Hagearbeid som stell av blomster, plenklypping og/eller raking.
  • Storreingjering av tak og vegger, vask av vindauge, boning av golv, lufting av store/tunge tepper, pussing av sølvtøy/kopar, innvendig vask av skap, skifting av dobbeltvindauge etc.
  • Baka
  • Rydda og vaska opp etter friske pårørande eller besøkjande.
  • Hjelp til kjæledyrhald.
  • Frakting av bos.
  • Gjera i stand til høgtider. Kan i spesielle tilfelle avtalast innafor tilmålt tid der brukar bur åleine og ikkje har pårørande i nærleiken.
  • Tenesteytar har ikkje høve til å nytta brukaren sitt bankkort for kontantuttak eller handel. Tenesteytar skal heller ikkje handtera brukaren sine kontantar.
  • Flytting av møblar.

Kva må du gjera?

  • Brukar gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Brukar er til stade når tenesteytar utfører praktisk bistand. Elles må det meldast frå seinast dagen før.
  • Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteyter jf. vedtektene i Arbeidsmiljølova.
  • Brukar har nødvendig utstyr som skal ha standard tilsvarande det ein har i ein norsk heim.
  • Brukar gjev beskjed innan 1 veke på førehand dersom det er ynskje om å avlysa besøket/byta dag. Ved akutte situasjonar må det verta gitt snarleg beskjed. 
  • Heimen er lagt til rette for at heimehjelparen får ein god arbeidsplass, evt. tek initiativ til/tek i mot hjelp til utbetring av bustad.
  • Fungera som arbeidsleiar iht. Arbeidsmiljølovens vedtak om eit godt arbeidsmiljø.
  • Reinhald vert normalt ikkje utført når det er besøkjande til stade.
  • Møblar og utstyr i heimen må tilpassast ny livssituasjon.

Søknadsprosessen NY

Lover og reglar 

Dette er ei lovpålagt teneste.

Kontakt

Heimetenesten

Sone Vest: 

Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15
5704 Voss
Telefon: 952 62 008

Sone Aust

Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49
5705 Voss
Telefon: 952 62 077

Sone nord

Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35
5713 Vossestrand
Telefon: 952 62 078

Sone sør

Granvin sjukeheim
Eidesvegen 24
5736 Granvin
Telefon: 404 03 876

Nattevakt: 

Telefon: 96262008