Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Helsetenester i heimen - heimesjukepleie

Helsetenester i heimen - heimesjukepleie

Heimetenesten utfører pleie og omsorg, medisinske oppgåver og tilsyn med personar som bur i eigen bustad. Tenesta skal førebyggja behov for heildøgns bu tilbod ved å leggja til rette for at brukarane kan bu lengst mogleg i eigen heim og få den hjelp som trengs.  

Kven kan få tilbodet? 

Du kan vurderast for heimeteneste dersom du ikkje sjølv kan oppsøkje helsehjelp grunna sjukdom eller funksjonsnedsetting, og om du er avhengig av hjelp i eigen heim for å få dekkja grunnleggjande pleie og omsorgsbehov. 

Kva kan du få hjelp til? 

Heimetenestene vil saman med deg finne gode løysingar som gjer deg mest mogeleg sjølvhjelpen. Nokon  treng hjelp ein kort periode, medan andre vil trenge langvarig hjelp. Dette vil heimetenesta vurdera saman med deg og tenesta vert kontinuerleg tilpassa og endra.

Døme på kva du kan få hjelp til er:

  • hjelp med å laga til og ta medisinar
  • tillaging av måltid 
  • hjelp med personleg hygiene
  • rettleiing og opplæring til eigenmeistring m.m.   

Kriteria og vilkår:

Det er di trong som avgjer om du har krav på å få tildelt tenester. 

Søknadsprosessen NY

Lover og reglar 

Dette er ei lovpålagt teneste.

Kontakt

Heimetenesten

Sone Vest: 

Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15
5704 Voss
Telefon: 952 62 008

Sone Aust

Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49
5705 Voss
Telefon: 952 62 077

Sone nord

Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35
5713 Vossestrand
Telefon: 952 62 078

Sone sør

Granvin sjukeheim
Eidesvegen 24
5736 Granvin
Telefon: 404 03 876

Nattevakt: 

Telefon: 96262008