Kreftkoordinator / kreftsjukepleiar Kreftkoordinator har kunnskap om kreftomsorg og lindrande behandling. Dette er eit tilbod for menneske som er ramma av kreft, og deira pårørande. Sist endra27.01.2020 14.36 Kven kan få tilbodet? Menneske som er ramma av kreft, og deira pårørande. Også andre innbyggjarar som har spørsmål, kan ta kontakt med kreftkoordinator. Dette er eit lågterskeltilbod, det betyr at du ikkje må søkja om tenesta og at ein kvar som ynskjer det, kan ta kontakt med kreftkoordinator. Kva kan du få hjelp til? Kreftkoordinatoren i Voss kommune skal ha oversikt over relevante tilbod og tenester innan kreftbehandling og kreftomsorg. Kreftkoordinatoren gir informasjon og rettleiing til kommunen sine andre tenester og samarbeidspartar, og arbeider for å sikre at alle kreftramma får det same tilbodet. Kreftkoordinatoren skal dermed sikre at gode rutinar bidreg til god kvalitet i kreftomsorga og at du som pasient og/eller pårørande opplever stor grad av tryggleik og ivaretaking. Dersom du som kreftpasient skulle oppleva svikt i oppfølginga frå kommunen, kan du ta kontakt med kreftkoordinator. Andre samarbeidspartar kan også ta kontakt i slike tilfelle. Prisar Tenesta er gratis