Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tekniske og velferdsteknologiske hjelpemiddel

Tekniske og velferdsteknologiske hjelpemiddel

Hensikta med velferdsteknologi vil fyrst og fremst vera at den einskilde innbyggjar meistrar og opplever at det er trygt å bu i eigen heim også ved endring i funksjonsnivå. 

Velferdsteknologi omfattar utstyr som vert brukt for å gjera deg trygg og sjølvhjelpen i eigen heim trass nedsett funksjonsevne. 

Kven kan få tilbodet? 

For tildelinga av velferdsteknologiske løysingar, vil det verta vurdert om du kan ha nytte av teknologi for auka tryggleik og sjølvstende i kvardagen. Det vil også verta vurdert om det er indikasjonar på at du kan kome i ein situasjon som gjer at du må ha rask bistand og ikkje sjølv kan tilkalla naudsynt hjelp. Velferdsteknologiske løysingar vert tildelt personar med ulik grad av funksjonssvikt, fysisk og/eller kognitivt.   

Kva kan du få hjelp til? 

Velferdsteknologi omfattar utstyr som vert brukt for å gjera deg trygg og sjølvhjelpen i eigen heim trass nedsett funksjonsevne, døme på utstyr kan vera elektronisk medisineringsstøtte, tryggleiksalarm og GPS. Velferdsteknologi kan også nyttast for å avlasta pårørande. 

Søknadsprosessen