Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Avlastningsteneste for unge

Avlastning

Avlastning kan tildelast personar eller familiar med særleg tyngjande omsorgsbehov for å avlasta pårørande som er i ein særskilt krevjande omsorgssituasjon.

Kven kan få tilbodet? 

Pårørande som har «særleg tyngjande» omsorgsoppgåver i heimen.

 

Kva kan du få hjelp til:

Det er berre oppgåver som reknast som naudsynte helse- og omsorgstenester som inngår i vurdering om du kan få avlasting. Det vil sei at om du ikkje hadde gjort oppgåva, så ville heradet gitt tenesta. Det er mange som gjev omsorg til sine næraste, utan det vert definert som «særleg tyngjande».

Avlastingstenester kan gjevast som heimehjelp til den som har «særleg tyngjande omsorgsoppgåver» i heimen, for eldre som dagaktivitetstilbod eller avlastingsopphald på sjukeheim, for menneske med utviklingshemming i eigne avlastningsbustader, timeavlastning i eller utanfor heimen eller institusjon. 

Avlasting skal hjelpa pårørande: 

  • Ved å redusera omsorgsbelastninga 
  • Ved å gje mogelegheit for feriar 
  • Ved å gje rom for deltaking i samfunnsaktivitetar 
  • Ved å gje tid til å pleie familierelasjonar og sosialt nettverk 

Kriteria og vilkår: 

  • Dersom omsorgsarbeidet er særleg tyngjande  
  • Dersom omsorgsarbeidet er av ein slik karakter at den omsorgstrengande ikkje kan vere åleine heile eller store delar av døgnet, og dette medfører avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid til omsorgsytar  
  • Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter og det må medføra større behov for hjelp enn det som normalt er forventa i forhold til alder (kriteriet gjeld spesielt barn)  
  • Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov som i hovudsak vert teke hand om av privat omsorgsytar.  
  • Den omsorgstrengjande må vera heimebuande eller midlertidig opphalda seg i heradet 
  • Avlastning skal ivareta omsorgsytaren sine behov, det skal kartleggjast og gjerast ein sjølvstendig vurdering av pårørande sitt behov for avlasting og fattast vedtak om tiltak
  • Vurdering av behovet for avlasting vert vurdert minst ein gong i året eller datofestast i vedtak
  • Avlasting kan erstatta barnehage, SFO eller andre liknande tilbod, når dette vert vurdert som det beste for barnet
  • Dersom avlastingstilbodet ikkje vert nytta eller behovet vert endra, må det meldast frå om elles fell tilbodet vekk
  • Dersom ein får tilbod om andre ordningar så kan avlastingsopphaldet falle vekk. Andre tilbod kan til dømes vere arbeid, bustad, omsorgsstønad eller støttekontakt

Søknadsprosessen

 

Lenkjer:  

Lover og retningsliner:

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå Helse- og omsorgstenesteloven § 3-6, fyrste ledd nr 2. Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester og Pasient- og brukarrettigheitsloven § 2-8 Tiltak ved særleg tyngande omsorgsoppgåver.