Kven kan få tilbodet?
Vaksne menneska med nedsett funksjonsevne kan søkja om å få tenesten.
Kva kan du få hjelp til?
Tenestene omfatter helsehjelp i heimen, praktisk bistand og opplæring til dei som har særlig hjelpebehov og vert gitt etter at tildelingskontoret har fatta enkeltvedtak.
Bebuarane i boligane får tilbod om å delta på mange ulike aktivitetar i løpet av veka. Supergruppa er ei av dei faste gruppene mange deltek på. Her får ein spele instrument, synge og vera med venner. Ein gang i månaden vert alle bebuarane invitert til Dansefoten. Her får dei ete middag saman med venner, delta på bingo og danse. Mange deltek også på Utegruppa, som organiserer ulike aktivitetar rundt om i bygda.
Videre får bebuarane tilbod om turar til skogs og fjells, konsertar, teater, kino m.m. Det er også tilpasse symje- og ridegrupper for bebuarane.
Kor mange bufellesskap/bustader har Voss herad?
Heradet har i dag tilbod om døgnkontinuerleg miljøarbeidartenester i 5 bufellesskap. Kvar leiligheit i bufellesskapa er ein private heimar der bebuarane har innflyting og medverknad over eige liv. Personalet yt både individuelle og felles tenester som blant anna miljøarbeid, praktisk bistand, opplæring og helsehjelp.
Kva koster det?
Dei som får vedtak og takkar ja inngår kontrakt med Voss herad og betaler husleige etter dei gjeldene husleigesatsane, Årleg revidering av satsane, jf statlege satsar og kommunestyrevedtak. I tillegg må ein betale for straum og evt. tele/data.
Helsehjelp i heimen og opplæring er gratis, Praktisk bistand (heimehjelp) betalast etter eigne satsar, vedteke av heradsstyret.
Søknadsprosessen
All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå etter ei individuell og tverrfagleg vurdering.
Det er ikkje søknadsfrist, ein søkjer ved behov.
Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera.
Som søkjar er du tenestemottakar og du søkjer om dei tenestene du har trong for. Dersom du ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for deg. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknad. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om kva trong du har for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Tildelingskontoret.
Tildelingskontoret registrerer og fordeler alle innkomne søknader fortløpande. Du vert kontakta så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden din. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, samt når du kan forvente å få eit vedtak.
Din søknad vil verta individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet for deg. Saman med sakshandsamar vil dine eigne ressursar og mogelegheit for aktiv deltaking verta avklart for å vurdera rett tenestetilbod.
Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp du vil få og i kva omfang. Dersom du får avslag på søknaden din eller mindre hjelp enn du har søkt om, skal dette grunngjevast og du kan klaga på vedtaket.
Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Andre kan etter fullmakt klaga for deg. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagde tenester) eller heradet si klagenemnd (ikkje lovpålagde tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen vert tatt til fylgje.
Tildelingskontoret
v/ Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Tlf: 56 52 13 00 / 04
tildelingskontor@voss.kommune.no
Lover og reglar
Dei som mottek tenester om bustad/bufellesskap får individuelle vedtak som beskriv kva dei skal få bistand til og kor mykje bistand dei har rett på. Vedtaka vert fatta etter Lov om pasient- og brukerettigheter, samt Lov om kommunale helse og omsorgstenester.