Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Miljøterapi rus

Miljøterapi rus

Dersom du har eit problematisk bruk av alkohol, illegale rusmidlar og/eller føreskrivne medikament kan du søkje om tenesten. 

Kven kan få tilbodet? 

Søkjar må ynskje hjelp og/eller vera villig til å ha kontakt med tenestene. Tenestene vert tilbydd personar med rusproblem uavhengig av alder og kva rusmiddel som blir brukt. 

Kva kan du få hjelp til? 

Du kan få hjelp til å meistre kvardagen. Tenesta inneber tilpassa oppfylging av rusavhengige, til dømes: avklaring av motivasjon, bustadsosialt arbeid eller tett oppfylging ved behov. Kommunen kan tilby samtalar for støtte og motivering for å redusera og/eller slutta med rusmidlar. 

Søknadsprosessen NY


Lover og reglar 

Dette er ei lovpålagd teneste. 

Kontakt

Rus og psykiatri

Uttrågata 36
3. etasje
5705 Voss

Telefon: 

480 14 570