Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Dagsaktivitetstilbod Oasen

Dagsaktivitetstilbod Oasen

Oasen aktivitetssenter er ein møteplass og eit lågterskeltilbod til deg med psykiske lidingar.

Kven kan få tilbodet? 

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar som er korte, forbigåande (som kan oppstå i samband med kriser) eller langvarige og kroniske.  

Kva kan du få hjelp til? 

Oasen er eit aktivitetstilbod og følgjande vert tilbydd: 

  • individuelle samtalar
  • deltaking i gruppe
  • deltaking på kulturelle arrangement, kreative og sosiale aktivitetar
  • strukturert og meiningsfull kvardag
  • arbeidskontrakt der det vert avtala når brukar skal vera på Oasen, og deltaking i aktivitetar

Skildring av tilbodet

Det er viktig for Oasen at me har aktivitetar som brukarane våre ynskjer, difor vert ynskje om andre aktivitetar alltid teke godt i mot, og seriøst vurdert. Me har allmøte ein gong i månaden – for å sikra at dei som har noko på hjarta, stort eller smått, får ta dette opp.

Døme på aktivitetar:

  • Rulling av dukar
  • Ljosstøyping
  • Toving
  • Kjøkkenaktivitetar og felles måltid
  • Smykkelaging
  • Samvær med andre
  • Trimtilbod

Korleis søkje tenesta?

Det er ikkje naudsynt med søknad på denne tenesta då tilbodet er ope for alle. Stikk innom for ein prat, for å høyre om dette kan vera noko for deg. 

Kontakt

Oasen aktivitetssenter

Uttrågata 36
3. etasje

Telefon: 
960 97 736
992 07 110

Opningstid:

Måndag - Fredag 10.00 – 15.00