Dette er eit felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Voss herad.
Tildelingskriteriane for helse- og omsorgstenester (PDF, 464 kB)
Dette må du ha før du søkjer
- Du må ha ein legeattest å legge ved søknadsskjemaet
- Dersom du søkjer på vegne av andre må du ha fullmakt
Slik søkjer du
I søknaden beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe. Andre kan søkje for deg om du ikkje er i stand til å søkje sjølv. Legg ved fullmakt skjema i søknaden din.
Søknadsskjemaet (PDF, 106 kB) må underskrivast og sendast i posten til:
Forvaltningskontoret
v/ Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15
5704 Voss
Søk helse- og omsorgstenester elektronisk
Når får du svar på søknaden?
Me forsøker å gje deg svar innan 4 veker. Dersom du ikkje får svar på søknaden innan 4 veker får du skriftleg melding med opplsyningar om når du kan vente svar på søknaden.
Slik behandlar me søknaden din
Me hentar inn relevante opplysningar og kartlegger situasjonen din før me vurdera søknaden din. Me vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden, og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til kartlegginga.
Klage helse- og omsorgstenester
Får du ikkje tilbod om helse- og omsorgstenester, eller får eit anna tilbod enn du argumenterte for i søknaden, vil me gje deg ei grunngjeving for dette. Du kan klaga innan 4 veker etter du har mottatt vedtaket. I vedtaket får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist. Andre kan etter fullmakt klaga for deg.
Dersom avgjersla vert opprettheldt, går klagen vidare til Fylkesmannen (lovpålagde tenester) eller heradet si klagenemnd (ikkje lovpålagde tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen vert tatt til fylgje.
Spørsmål eller rettleiing?
Ta kontakt med Forvaltningskontoret på telefon 56 52 13 00 / 04 eller e-post