Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Kommunal bustad

Kommunal bustad

Leige av kommunal bustad for vanskelegstilte er eit tidsbegrensa tilbod, og leigekontrakten sin varighet kan vera inntil 3 år. Dersom leigetakar framleis fyller kriteriane for å bu i ein kommunal utleigebustad, kan det søkjast om å fornya leigekontrakten.

Kven kan få tilbodet?

Voss herad tilbyr bustader til vanskelegstilte bustadsøkjarar og personar med spesielle behov.

Kommunen sine bustader til vanskelegstilte:

- Bustader for fyrstegongsbusetting av flyktningar
- Bustader for helsemessig, sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Bustader for rusmisbrukarar
- Ettervernsbustader

Kva kan du få hjelp til?

Voss Herad skal leggja til rette for at vanskelegstilte bustadsøkjarar og personar med spesielle behov busette i Voss kommune skal få leiga nøktern og eigna kommunal bustad.

Kor stor bustad som vert tildelt vil vera avhengig av hustanden sin størrelse.
Det skal søkjast om statleg bustøtte til delvis dekning av husleiga for dei med låg/ingen inntekt.

Kriteria og vilkår:

- Må vera fylt 18 år
- Må ha lovleg opphald i Norge
- Må ha fast adresse eller ha vore busett/hatt opphald i Voss kommune dei siste 6 månadene
- Er utan eigen, sjølvstendig bustad
- På grunn av helsemessige eller sosiale årsaker har behov for endring av noverande buforhold
- Av helsemessige eller sosiale årsaker har behov for oppfylging i bustad
- Av helsemessige eller sosiale årsaker har behov for spesielt tilrettelagt bustad

Leigetakarar skal aktivt freiste å skaffe seg eigen bustad i leigeperioden med kommunen.

Kommunal bustad