Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Startlån og tilskot til kjøp av bustad

Startlån og tilskot til kjøp av bustad

Om du ikkje får lån/nok lån i vanleg bank og ikkje har moglegheit til å spare, kan du ha rett på finansiering med Husbank-midlar gjennom kommunen.

Kven kan få startlån og tilskot

  • Dersom du ikkje får lån/nok lån i vanleg bank og ikkje har mogleheit til å spare opp eigenkapital over nokre år
  • Varig og langsiktig vanskelegstilte på bustadmarknaden
  • Dersom du manglar arbeidsinntekt, men mottek trygd/offentlege stønader
  • Familie med barn, med behov for stabil bustad raskt
  • Familie med barn med økonomiske og/eller helsemessige utfordringar
  • Andre med særlege sosiale og helsemessige utfordringar
  • Du har bustadlån og anna gjeld med høg rente og står i fare for å mista bustaden ved tvangssal
  • Du må gjere større, nødvendig utbetring av bustaden for å kunne bli buande, men får ikkje lån i vanleg bank

Ungdom i etableringsfase som manglar eigenkapital er ikkje i målgruppa. Unntak må vere knytta til særskilte helsemessige eller økonomiske utfordringar.

Kva kan du få startlån og tilskot til

(viss du er i målgruppa)

  • Kjøp av bustad
  • Overtaking av bustad ved samlivsbrot, dersom du forsørgar barn
  • Utbetring
  • Refinansiering

Slik søkjer du

Du søkjer på husbanken.no :

Søknadsskjema startlån og tilskot

Slik laster du opp vedlegg i søknaden

Kva skjer vidare

Kommunen har 3 veker svarfrist frå vi har motteke søknaden din.
Det er vanleg at vi kaller inn til samtale, og viss ynskjeleg kan vi ha fellesmøte med t.d. banken din eller andre avdelingar i/utanfor kommunen.

Klage

Etter Forvaltningslova §28 har du klagerett, og frister er 3 veker. Klage må vere skriftleg.

Regelverk og informasjon

Forskrift om startlån

Søkje startlån

Retningsliner om tilskot til etablering i eigen bustad

Kontakt

Gro Sølvberg
Saksbehandlar
E-post
Telefon 930 07 111