Hensikt med tilpassinga må vere å gjere bustaden egna slik at du kan bli buande heime.
Behovet for tilskot vert vurdert i si heilheit ut frå helsemessige høve og husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.
Tilskot kan kombinerast med startlån og tilskot frå Hjelpemiddelsentralen (Nav).
Kven kan få tilskot til tilpassing
- Husstander eller einskildpersonar som har behov for tilpassing av bustaden
- Barnefamiliar har høg prioritet
- Eldre som har behov for førebyggjande tilpassingstiltak
Kva kan du få tilskot til
- Endra/betra tilkomst til bustaden
- Tilpassing/ombygging av rom - t.d. bad der det må vere plass til rullestol
- Arbeid/ombygging i samband med trappeheis
Du kan få tilskot til tilpassing både i eigd og leigd bustad. I leigebustad må huseigar godkjenna arbeidet som skal gjerast.
Saksgang
- Ta kontakt med ergoterapeut i kommunen. Dei kjem på heimebesøk for å vurdera behovet - ofte saman med ein representant frå byggavdelinga.
- Ved større utbetring kan det vere behov for ein arkitekt e.l., du kan då søkja om "Tilskot til utgreiing og prosjektering" frå Husbanken.
- Du må sjølv kontakte aktuelle entrepenørar og innhenta pristilbod. Dersom du ikkje har helse til å gjere dette arbeidet må du leiga folk til det (kommunen kan ikkje ta på seg denne oppgåva).
- Når du har fått inn alle pristilbod søkjer du kommunen om "Tilskot til tilpassing". Dersom du treng hjelp med utfylling kan saksbehandlar eller ergoterapeut hjelpa deg.
Søknadsskjema Tilskot til utgreiing og prosjektering
Slik søkjer du om Tilskot til tilpassing
- Siste skattemelding
- Dokumentasjon på inntekt/trygd/pensjon
- Dokumentasjon på inneståande i bank på søknadstidspunkt
- Alle pristilbod på arbeidet som skal gjerast
Kva skjer vidare
Kommunen har 3 veker svarfrist frå vi har motteke søknaden din. Ved behov kaller vi deg inn til samtale.
Ergoterapeut vil delvis følgje opp prosessen mens arbeidet pågår.
Når arbeidet er ferdig vert tilskot utbetalt mot dokumentasjon på arbeid utført.
Klage
Etter Forvaltningslova §28 har du klagerett, og fristen er 3 veker. Klage må vere skriftleg.
Regelverk og informasjon
Forskrift om tilskot til tilpassing av bustad
Retningsliner om tilskot til tilpassing av bustad
Tilpassing av bustad - finansieringsalternativ
Søkje tilskot til tilpassing av bustad ?