Bry deg
Eit av ti barn og unge har vore utsett for vald og overgrep. På nettsida Jeg vil vite finn både vaksne og barn kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er og kven du kontakta for å få hjelp.
Snakk med barnet
Det kan verta opplevd som vanskeleg å prata med barn og unge om vald og overgrep. På nettsida Jeg vil vite finn du enkle tips og råd til korleis du kan prata med barn og unge om vald og overgrep. Du finn også råd og tips i handlingrettleiarar (PDF, 923 kB)utarbeidd av Voss herad.
Kontakt hjelpeapparatet
Om du har grunn til å tru at eit barn eller ungdom er utsett for vald eller overgrep, har du plikt til å sei frå.
Akutt hjelp
Om det er akutt skal du varsla politi eller barnevern umiddelbart
Bekymringsmelding til barnevernet
Om du er bekymra for eit barn eller ungdom kan du melda frå til barnevernstenesta i Voss herad. Du kan melda anonymt og barnevernet har plikt til å undersøka saka.
Her finn du informasjon om bekymringsmelding og du kan søka råd hjå barnevernet
Samtale, råd og rettleiing
Du kan ta kontakt med helsesjukepleiar, førebyggande tenester, krisesenteret eller andre i hjelpeapparatet for råd og rettleiing. Du kan og hjelpe barnet eller ungdommen til sjølv å ta kontakt med hjelpeapparatet.