Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Kjenner du deg utrygg i heimen?

Kjenner du deg utrygg i heimen?

Voss herad ynskjer å tilby god beredskap mot uønskte hendingar og kriminalitet og god hjelp til dei som vert utsett for skade. For alle innbyggarar i heradet er det eit mål å stansa overgrep, utnytting og alle former for vald.

Det er ikkje alltid lett å vita om det du har opplevd er vald, men om du lurar på om det er alvorleg nok – så er det det. Ta kontakt med nokon som kan hjelpa deg – me er her for deg.

Ynskjer du å snakke med nokon?

Vald- og  overgrepslina - VO-linjen – telefon 116 006  er ein nasjonal hjelpeline for alle som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. VO-lina er open heile døgnet, og det er gratis å ringja til dei.

Krisesenteret tilbyr hjelp til personar som er utsett for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret er døgnope.

Om du treng hjelp og vern, kan du kontakta Krisesenteret i Bergen på telefon 55 31 50 50 eller epost: krisesenteret@bergen.kommune.no

Barnevernet  vil gjerne hjelpa deg tidleg om du opplever vonde og vanskelege situasjonar for barn og familien. Du kan kontakta barnevernet på telefon 56521310.

I akuttsituasjonar utanom kontortid kontaktar du:

Politi: 02800

Legevakt: 116 117

Alarmtelefon for born og unge: 116 111

Odda familievernkontor
Familievernkontoret tilbyr gratis samtaleterapi, rettleiing og kurs. Du treng ikkje henvisning.

Er du redd for tryggleiken til deg sjølv eller barna dine?

Krisesenter:
Om du er trua eller utsett for vald i nær relasjon og treng vern, kan du få eit dagtilbod eller butilbod på krisesenteret i ein kort periode. Her vil du få rettleiing og nokon å snakka med. Du kan vera anonym og få tolk. Krisesenteret har teieplikt og hjelpa er gratis.

Politiet:
Ved akutt fare ring politiet 112 eller 02800

Kontakt

Vald i nære relasjonar

Akutt hjelp

Politi 112 eller 02800

Legevakt 116 117

Krisesenteret 55 31 50 50

Overgrepsmottak 55 56 87 60

Barnevernet 56 52 13 10 (dagtid)

 

Samtale, råd og rettleiing

Barnevernet 56 52 13  10

Helsesjukepleiar 56 53 30 40

Familievernkontoret 46 61 91 50

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111

VO - lina 116 006