Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Kjenner du nokon som er utsett for vald?

Kjenner du nokon som er utsett for vald?

Kjenner du nokon du trur vert utsett for vald eller overgrep og lurer på kva du skal gjera?

Bry deg

Kjenner du nokon du trur vert utsett for vald eller overgrep og lurer på kva du skal gjera? Er du redd for å blanda deg i noko du ikkje har noko med eller lurar du på korleis du kan hjelpa? Det er vanleg å kjenna på tvilen og uvissa i slike situasjonar. Ikkje all vald er like synleg og kan vera vanskeleg for utanforståande å oppdaga. Når det og kan vera vanskeleg for den som vert utsett for vald å fortelja om dette til andre, kan vald ofte bli verande usynleg. Det er difor me ynskjer at du skal bry deg!

På nettsida Din vei ut finn du informasjon enten du er pårørande eller kjenner nokon som er utsett for vald eller overgrep.

Snakk saman

Å spørja nokon om dei har vore utsett for vald, kan vera vanskeleg og ein kan vera redd for å sei noko gale eller trå feil. Dei fleste ynskjer likevel at nokon skal bry seg. Å visa at du bryr det og lyttar, og det å vera tydeleg på at du trur på det som vert fortalt, kan vera noko av det viktigaste du bidreg med.

Målet med ein samtale er å motivera den som er utsett for vald til å kontakta hjelpeapparatet slik at valden stoppar. Er du i tvil om kva du skal gjera kan du drøfta saka anonymt med krisesenter eller politi.

Kontakt hjelpeapparatet

Akutt hjelp

Ved alvorlege truslar eller fysiske skadar etter vald og overgrep, kontakt politiet, legevakt eller overgrepsmottaket.
Du kan også ta kontakt med Bergen krisesenter.

Samtalar, råd og rettleiing

Ta kontakt med familievernkontoret, krisesenteret eller andre i hjelpeapparatet for å få råd og rettleiing.

Nettsider med informasjon og hjelp

Dinutvei.no

Dinutvei.no har informasjon på mange ulike språk

Hvorlite.no er politiet si informasjonsside om vald i nære relasjonar

Vern for eldre

•Krisesenteret har ein brosjyre om vold mot eldre

•Krisesenteret si brosjyre om vold mot mennesker med nedsatt funksjonsevne

Kontakt

Vald i nære relasjonar

Akutt hjelp

Politi 112 eller 02800

Legevakt 116 117

Krisesenteret 55 31 50 50

Overgrepsmottak 55 56 87 60

Barnevernet 56 52 13 10 (dagtid)

 

Samtale, råd og rettleiing

Barnevernet 56 52 13  10

Helsesjukepleiar 56 53 30 40

Familievernkontoret 46 61 91 50

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111

VO - lina 116 006