Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Friskus, aktivitetskalender

Friskus, aktivitetskalender

Kva er friskus og korleis kan innbyggjarane nytta seg av tenesta?

Aktivitetskalender

Ofte stilte spørsmål

Fritidskortet

 

 

Friskus er ein digital aktivitetskalender for det som skjer på Voss. Han er gratis å nytta, og alle som tilbyr aktivitetar i Voss herad kan nytta Friskus. Ein kan og nytta Friskus til å rekruttera frivillige. 
Ikkje minst kan alle innbyggjarar, anten dei vil delta på aktivitetar eller engasjera seg som frivillig, nytta Friskus. 

Kvifor nyttar me Friskus? 

Eit av måla med å nytta Friskus er at fleire innbyggjarar skal vera aktive og finna ein aktivitet som passar for nettopp dei. Me veit og at mange ynskjer ei god oversikt over alt som skjer av aktivitetar i kommunen vår. 

Korleis kan du laga deg ein brukar? 

  1. Gå inn på voss.friskus.com
  2. Trykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkonto
  3. Legg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang! 
  4. Vel Voss herad i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunen

Korleis kan lag og foreiningar ta i bruk Friskus?

På Friskus kan de visa fram aktivitetar, koordinera og rekruttera - alt på ein stad, saman med andre. 
Du kan nytta Friskus i alle nettlesarar bortsett frå Explorer. Google Chrome fungerer aller best. 

  1. Gå inn på voss.friskus.com
  2. Trykk på BLI ARRANGØR
  3. Lag deg ein personleg brukarkonto (sjå over), og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer for å tinga arrangørside. 

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 911 42 633