Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Friskus i Voss herad

Friskus i Voss herad

Kva er Friskus og korleis kan innbyggjarane nytta seg av tenesta? 

Friskus er ein digital aktivitetskalender for det som skjer på Voss. Han er gratis å nytta, og alle som tilbyr aktivitetar i Voss herad kan nytta Friskus. Ein kan og nytta Friskus til å rekruttera frivillige. 
Ikkje minst kan alle innbyggjarar, anten dei vil delta på aktivitetar eller engasjera seg som frivillig, nytta Friskus. 

Friskus - oversikt over aktivitetar i Voss herad 

Kvifor nyttar me Friskus? 

Eit av måla med å nytta Friskus er at fleire innbyggjarar skal vera aktive og finna ein aktivitet som passar for nettopp dei. Me veit og at mange ynskjer ei god oversikt over alt som skjer av aktivitetar i kommunen vår. 

Friskus

Korleis kan du laga deg ein brukar? 

  1. Gå inn på voss.friskus.com
  2. Trykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkonto
  3. Legg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang! 
  4. Vel Voss herad i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunen

Korleis kan lag og foreiningar ta i bruk Friskus?

På Friskus kan de visa fram aktivitetar, koordinera og rekruttera - alt på ein stad, saman med andre. 
Du kan nytta Friskus i alle nettlesarar bortsett frå Explorer. Google Chrome fungerer aller best. 

  1. Gå inn på voss.friskus.com
  2. Trykk på BLI ARRANGØR
  3. Lag deg ein personleg brukarkonto (sjå over), og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer for å tinga arrangørside. 

Friskus tips til lag og organisasjonar

Her har me samla litt brukartips

Lenke til Friskus sin samtykkeerklæring for bruk av personopplysingar