Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Tilskot til verneverdige kulturminne i Vestland 2021

Tilskot til verneverdige kulturminne i Vestland 2021

Klikk for stort bileteSøknadsfrist i Voss herad er 15. februar. Send søknaden til postmottak@voss.herad.no

Søknadsskjema (PDF, 2 MB)

 

Vestland fylkeskommune si søknadsordning tek sikte på gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.

Det kan søkjast tilskot til faste kulturminne som er:

  1. prioriterte i kommunal kulturminneplan
  2. regulerte til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova
  3. vurderte av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi

Tiltak som stettar fleire av dei tre kriteria vert prioriterte.

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Kva kan ikkje støttast?

  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige
  • Tiltak på freda kulturminne
  • Ordinær vedlikehald og drift
  • Kommunal sakshandsaming knytt til ordninga

Vilkår for tildeling

Tildeling føreset minst 50 prosent kommunal eller anna finansiering av tiltaket. I særlege høve kan kravet fråvikast.

Tiltaka skal fylgja antikvariske retningsliner. Utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunna syna til erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Kontakt

Anne Arneberg
E-post
Telefon 991 03 152