Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Søk kulturmidlar

Søk kulturmidlar

Neste frist for å søkja kulturmidlar i Voss herad er 1. april. Hugs å søkja innan fristen. 

Kommunen gjev lokale kulturtilskot vår og haust. 

Kommunale kulturmidlar, vår - søknadsfrist 1. april 

På våren kan ein søkja  kommunale kulturmidlar til realisering av tiltak i kulturplan, born og unge, song og musikk, festivalar og anna kulturarbeid.  

Tilskot av kulturmidlane kan gjevast til:

  • Vanleg lagsdrift
  • Nye tiltak
  • Tidsavgrensa Prosjekt
  • Leiaropplæring

Kommunale kulturmidlar,haust - søknadsfrist 1. oktober

På hausten kan ein søkja midlar til:  realisering av tiltak i kulturplan, born og unge, anna kulturarbeid,kulturminnevern og kulturbygg.

Tilskot kan gjevast til:

  • Vanleg lagsdrift  
  • Tidsavgrensa prosjekt
  • Bygningsvern og anna kulturminnevern 
  • Påkostnad/vedlikehald av lokale kulturhus

Søknadsskjema

Søknadane vert behandla politisk av utval for kultur og næring. Saksbehandlinga tek to til tre månader.

Vedtaket kan påklagast, sjå forvaltningslova Kap. VI. Mogleg klage skal stilast til klagenemnda, og sendast til utval for kultur og næring seinast tre veker etter at klagaren er gjort kjend med vedtaket. Nærare orientering kan ein få hjå saksbehandlaren for denne saka