Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2020

Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2020

Tilskotsordninga tek sikte på gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.

Kven kan søkja

Kommunar i Vestland og eigarar av regionalt verdifulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasen Askeladden kan søkja.

Kva kan støttast

Kommunane kan berre søkja tilskot til faste kulturminne i Vestland som enten er:

  • Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova
  • Prioritert i kommunal kulturminneplan
  • Vurdert av fylkeskommune som kulturminne av høg regional verdi.
  • Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Kva kan ikkje støttast:

  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige.
  • Tiltak på freda kulturminne.
  • Ordinær vedlikehald og drift.
  • Kommunal sakshandsaming knytt til ordninga.

Føremål med ordninga

Det overordna målet for kulturminneforvaltinga er å sikra regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nolevande og framtidige generasjonar si oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Tilskotsordninga sitt føremål er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, gjennom å støtta kommunar som tek ansvar for å identifisera, verdsetja og forvalta verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordninga skal stimulera til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Fristen for å senda inn søknad til Voss herad er 15. februar 2020.

 

Det er også mogeleg å søkja Kulturminnefondet som  forvaltar staten sin tilskotsordning retta inn mot einskilde eigarar og lokale kulturminne. Det er ingen søknadsfrist og søknadane vert handsama fortløpande.