Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss ungdomsråd

Voss ungdomsråd

Den nye kommunelova seier at kommunestyret skal velja eit ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Medlemmane i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.  Rådet er rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttala seg i saker som gjeld ungdom. 

Ungdomsrådet skal 

  1. Vera eit rådgjevande organ i saker som vedkjem dei unge.
  2. På eige initiativ ta opp saker som vedkjem born og unge sine interesser i kommunen.
  3. Stimulera til samfunnsengasjement, medverknad og demokratisk deltaking mellom ungdom.  
  4. Leggja til rette arenaer der ungdom generelt kan få uttala seg om relevante saker, gjerne også ved hjelp av sosiale media.  
  5. Disponera tilgjengelege midlar etter retningslinjer fastsett av ungdomsrådet.
  6. Setja søkjeljos på å skapa identitet til eigen kommune. 

Samansetjing og val

Ungdomsrådet skal vera samansett av ungdom i ulike aldrar, med ulik erfaring og utdanning. 
Ungdomsrådet skal ha 12 representantar i alderen 13-19 som fordeler seg slik:

  • 3 representantar og 1 vara frå Voss gymnas
  • 3 representantar og 1 vara frå Voss vidaregåande skule
  • 2 prepresentantar og 1 vara frå Voss ungdomsskule
  • 2 representantar og 1 vara frå Vossestrand ungdomsskule
  • 2 representantar og 1 vara frå Granvin ungdomsskule

Ungdommane sine organisasjonar eller elevråd har rett til å fremja framlegg til representantar til ungdomsrådet. Frist for å koma med framlegg er 1. oktober. Representantane si funksjonstid er 2 år. Etter det fyrste året skal halve rådet etter loddtrekking, veljast på nytt. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar. Heradsstyret skal verlja ein politisk representant, helst ordførar, som skal delta i møta i ungdomsrådet. Ungdomsrådet skal få opplæring i demokratiske prosessar og kommunal styring.