Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Straumstønad for frivillige lag og organisasjonar

Straumstønad for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om tilskot grunna ekstraordinære straumprisar.

Søknadsfristen er 15. mars kl. 13.00

Søknadsskjema finn de her

Fredag 4. februar 2022 la regjeringen fram Prop. 58§ for Stortinget med framlegg om å gje 250 millionar kroner til ei midlertidig tilskotsordning for frivillige organisasjonar grunna ekstraordinære straumprisar.  Voss herad har 1 514 092 kroner til fordeling

Tilskotet skal gå til frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret. Det er òg mogeleg for eit driftsselskap av eit idrettsanlegg å søkja på ordninga, om selskapet er eigd av ein eller fleire frivillige organisasjonar.  Hovudsaka er at frivillige organisasjonar som har straumkostnader får tilskot, uavhengig av driftsform på verksemda som har straumavtalen.  Kommunen kan også vurdera om andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig innsats som til dømes grendahus organiserte som samvikre, kan søkja.