Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022.Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søkja. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søkjer via sentralleddet sitt. Hugs at registreringa kan ta litt tid.
Merk: Sentralledd har eigne frister for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.
Det kan søkjast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.
Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema: Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift