Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Lokale kulturtilskot

Lokale kulturtilskot

Neste frist for å søkja kulturmidlar i Voss herad 1. mars 2022. Hugs å søkja innan fristen. 

Mange lag og organisasjonar søkjer om tilskot til mindre tiltak og prosjekt. Desse tiltaka er ofte driftsprega og er viktige for laget. I dei nye retningslinjene har me i all hovudsak skilt mellom desse mindre tiltaka og dei større prosjekta. Me legg opp til ei administrativ tildeling av denne delen av tilskotsordninga. Mindre søknadar med tildeling opp til kr. 10 000 vil bli handsama administrativt med ein årleg hovudfrist, men der ein kan tildela utover året om ikkje alle midlane blir tildelt i fyrste runde. Grensa på kr. 10 000 byggjer på erfaringar frå tidlegare tildelingsrundar. Størrelsen på denne potten er basert på historiske tal og vil ligga på kr 200 000. Størrelsen på denne delen av tilskotet vil bli vurdert på nytt i 2022.

Skjema til driftstilskot for lag og organisasjonar finn du her: driftstilskot

 

Dei større prosjekta skal politisk handsamast. Det blir etablert to ordningar: Kulturtiltak og kulturminne/forsamlingshus. Hovudskillet her er at Kulturtiltak vil vera knytt til aktivitet og arrangement medan kulturminne/kulturhus vil vera midlar til istandsetting og rehabilitering. Samla sett er denne potten på kr. 600 000. Søknadsfristen til bli sett til 1. mars.

Me har valt å kalla den største tilskotsordningane Kulturtiltak. Dette blir ei open ordning der lag, organisasjonar og kulturlivet elles søkja på ulike prosjekt. Alle tenester og ordningar bør byggja opp under dei langsiktige måla til heradet. Dette gjeld også kulturtilskota. I dag vil det mellom anna tyde at søknadar med prosjekt retta mot barn og unge vil bli prioritert.

Voss herad har ei rik kulturarv som me ynskjer å ta vare på. Me legg vidare ordninga med tilskot til kulturhus inn her fordi kulturhus i mange samanhengar er å sjå på som kulturminne. Samtidig blir begge desse ordningane i all hovudsak blir tildelt fysiske istandsettingar og vedlikehald.

Skjema til ordningane kulturtiltak og kulturminne/forsamlingshus finn du her: kulturtiltak og kulturminne/forsamlingshus

Retningslinjer