Retningslinjer

Retningslinjer for tilskot til kulturføremål i Voss herad

Kulturmidlane er frie midlar budsjettert i den økonomiske ramma til kommunalområde for kultur og fritid. Midlane skal gå til utvikling av kulturlivet i Voss herad. Fordeling av kulturmidlar blir gjort på bakgrunn av vedtekne retningsliner og årsbudsjettet til kommunalområdet for kultur og fritid. Søknadane blir handsama administrativt og lagt fram for kulturrådet før endeleg vedtak i Utval for kultur og næring. Ingen har rett på støtte sjølv om ein stettar krava, og utvalet gjer prioriteringar på fritt grunnlag. Tildelinga av kulturmidlar skal samordnast med evt. andre kommunale støtteordningar.

1. Føremål

Føremålet er gjennom å stimulera eksisterande og ny kulturaktivitet i heradet, å byggje opp under Voss herad sine overordna mål om å vere ein attraktiv, inkluderande og innovativ kommune.

Det blir gjeve tilskot til drift, arrangement og prosjekt.

2. Kven kan få tilskot?

Lag, foreiningar og organisasjonar som har adresse i Voss herad og er registrert i Brønnøysundregistra.

Det blir ikkje gjeve tilskot til

  • tiltak med kommersielt føremål.
  • tiltak med politisk eller forkynnande verksemd.
  • tiltak som samlar inn og delar ut pengar.
  • drift av idrettslag.

3. Føresetnadar

Alle tiltak

  • må vere i tråd med gjeldande kommunalt planverk, og særleg kommuneplanen sin samfunnsdel og kulturplanen, og byggjer opp under FN sine berekraftsmål.
  • må gjennomførast i Voss herad.
  • må vere ope for alle.
  • må gje fri tilgjenge for assistent når det ligg føre følgjebevis.
  • Ved vesentlege endringar i tiltaket skal sakshandsamast informerast

4. Det blir gjeve tilskot innan fylgjande område:

  1. Drift og mindre tiltak
  2. Kulturtiltak
  3. Kulturminne og forsamlingshus.

4.1 Særleg for drift og mindre tiltak

Mindre tiltak og driftsmidlar til aktive frivillige lag og organisasjonar opp til kr. 10 000, med administrativ handsaming. Siste års rekneskap og årsmelding skal leggjast ved søknaden.

Fylgjande kriterium vil bli vektlagt:

  • Tiltak retta mot barn og unge
  • Tiltak som stimulerer til frivillig arbeid
  • Tiltak som motverkar utanforskap og byggjer felles arenaer på tvers av alder, kjønn og sosial bakgrunn.
  • Tiltak som stimulerer til aktivitet i grendene.

4.2 Særleg for kulturtiltak

Større tiltak og produksjonar, med politisk handsaming. Fylgjande prioriteringskriterium:

  • Kvalitativt gode prosjekt.
  • Tiltak retta mot barn og unge.
  • Tiltak som stimulerer til frivillig arbeid.
  • Tiltak som motverkar utanforskap og byggjer felles arenaer på tvers av alder, kjønn og sosial bakgrunn.
  • Tiltak som utløyser eksterne midlar.

4.3 Særleg for kulturminne og forsamlingshus

Tiltak med politisk handsaming. Einskildpersonar kan søkje. Ordninga gjeld fysiske tiltak på forsamlingshus, og freda og verneverdige kulturminne.

Fylgjande prioriteringskriterier:

  • Forankring i kulturminneplanen.
  • Restaurering av kulturminne skal skje etter antikvariske prinsipp.
  • Forsamlingshus i aktiv bruk.
  • Tiltak som utløyser eksterne midlar.

5. Søknadsprosessen

  • Årleg søknadsfrist 1. mars
  • Rådmannen vil administrativt handsama søknader under kr 10 000 avgrensa opp til kr 250 000 av årleg avsette kulturmidlar. Søknad sendast inn saman med årsmelding og årsrekneskap på eige digitalt skjema.
  • Søknader med søknadsbeløp over kr 10 000 skal behandlast politisk. Utval for kultur og næring gjer endeleg vedtak om tildeling.
    • Søknad med omtale av tiltaket, budsjett og finansieringsplan skal sendast inn på skjema er tilgjengelege på kommunen si heimeside.
    • Søknader som ikkje er kome inn innan søknadsfristen vil ikkje bli handsama og må sendast inn til ny søknadsfrist.
    • Forventa sakshandsamingstid 3 månad.

6. Utbetaling

Midlane blir betalt ut etter vedtak.

Kulturtiltak skal dokumenterast med prosjektrapport og rekneskap. Frist for innsending av dokumentasjon så raskt som mogleg og seinast 3 månader etter gjennomført tiltak.

Alle tilskot avreknast mot uteståande gjeld til kommunen.

Ved mislighald kan pengane måtte betalast tilbake.