Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Deling av grunneigedom

Deling av grunneigedom

Frådeling av areal frå grunneigedom som ligg som landbruk-, natur- og friluftsområde i kommuneplanen sin arealdel, er søknadspliktig. 

Søkje om deling av grunneigedom

Ta kontakt med byggesaksavdelinga for rettleiing og hjelp med frådelingssøknaden. Søknaden vert fyrst handsama av byggesaksavdelinga. Når det er gjort vedtak etter plan- og bygningslova, vert saka sendt vidare til næringsavdelinga som handsamar saka etter jordlova. Næringsavdelinga kan rettleie kring vilkår for frådeling i jordlova.

Frådeling av areal i LNFR-område skal alltid handsamast av begge avdelingar.

Send søknad om deling av grunneigedom (søknadsskjema? evt direktelink til byggesak?)

Meir om deling etter jordlova

Sakshandsamingsfristar

Byggesak har eigne sakshandsamingsfristar etter plan- og bygningslova. Næringsavdelinga handsamar saka etter jordlova og hansamingstida avheng av når det er møte i politisk utval. 

Prisar

Det vil verta krevd inn eit sakshandsamingsgebyr på kr 2000,- for søknad om frådeling.  

Kva skjer vidare?

Når du har levert søknad til heradet, vil sakshandsamar førebu saka til politisk utval, som har vedtaksmynde. Handsaming Når vedtak er gjort, får du tilsendt vedtak og faktura for sakshandsamingsgebyr.

Klage

Du kan senda klage til heradet innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen vil bli handsama i politisk utval og kan verta send til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 

Lovverk

Jordlova
Plan- og bygningslova
Regelverk for deling etter jordlova