Direktesåing av kløver i etablert eng – bli med på utprøving i 2022
Me ynskjer å rekruttera 15 bønder for vekstsesongen 2022 som deltakarar i storskalautprøving av direkte isåing i eng. Gjennom systematisk utprøving og innsamling av røynsler ønsker me å auke kunnskap og kompetanse på feltet. Me vonar du vil vere med på laget!
Ta kontakt snarast og innan 8.april
Kontakt prosjektleiar Gunnlaug Røthe: tlf. 982 45 835, epost: gunnlaug.rothe@nlr.no
Sist endra 01.04.2022 16.13
Direkte isåing av belgvekstar i etablert eng vil kunne betre innhaldet av protein i fôret og gje viktig tilskot av nitrogen til enga. Dette er eit godt tiltak særleg ved redusert bruk av mineralgjødsel. Forsøk og erfaring viser at ein kan få til eit godt tilslag av raudkløver ved i såing i etablert eng, også eldre eng. Det er viktig at gamalt gras vert fjerna og at frøa får god jordkontakt. For at frøa skal få god jordkontakt er det tilrådd å tromla etter såing. Spreiing av møk rett etter såing kan også gje godt tilslag. Dei som deltek i prosjektet vil få utdelt skjema for utfylling av feltnotatar som vert nytta i prosjektet. Noteringane skal skje i eit skjema og er ikkje meir omfattande enn det bonden normalt (bør) gjere. Under vegs vil tilslag og registrering av avlingsmengd verte gjort. Deltakarane vil og verte invitert i ei erfaringsgruppe for deling av røynsler som vert gjort.
Kva får du som deltakar
Som deltakar i utprøving av isåing av raudkløver i etablert eng får du
- 5 kg kløverfrø som er nok til 10 dekar.
- oppfølging og rådgjeving knytt til prosjektet
- uttak av fôranalyser frå feltet (dette har vi avgrensa kapasitet til – så her gjeld først til mølla prinsippet)
- delta i erfaringsgruppe
Kva må du bidra med?
- Gjennomføre direkte såing av kløver i etablert eng, etter dyrkingsråd frå landbruksrådgjevinga.
- Føre feltdagbok
- Dele røynsler og evt. vere vertsskap for synfaring.
Ta kontakt med prosjektleiar Gunnlaug Røthe: tlf. 982 45 835, epost: gunnlaug.rothe@nlr.no for meir informasjon.