Bakgrunn for prosjektet

Landbruket er den næringa som aller først merkar endring i klima. Er det mogleg å gjere næringa mindre sårbar for ekstremnedbør og tørke? 

Sommaren 2018 vart Voss råka av ein alvorleg tørkesommar – og me spurde: korleis kan me beskytte oss mot dette? Landbruket er ei av dei mest utsette næringane for endringar i klima, som vil merke det først. Landbruk er ei næring i tett samarbeid med naturen; kunnskap og forståing av samspelet mellom jord, planter og jordbiologi er grunnleggande for næringa. Me treng difor god kompetanse om dette både hos bonden og dei fagpersonar han/ho har rundt seg.

I temaplan for landbruk frå Hordaland Fylkeskommune står det: Jordbruket er ei av næringane som vil bli mest påverka av klimaendringane. Det er viktig å sikre matproduksjon på lokale ressursar sjølv med endra klima…Areala og ressursane ein har til rådigheit må leggje grunnlaget for ein grønare økonomi….Hordalandsbonden, med sitt areal og sin kompetanse, er viktig for å sikre ein grønare økonomi i fylket.

Klimagassutsleppa frå landbruket har særleg grad vore knytt til dei viktigaste landbruksproduksjonane på Vestlandet som produksjon av mjølk og raudt kjøt. Det er naudsynt å finne tilnærmingar som reduserer klimaavtrykket men samtidig opprettheld produksjon av mat og verdiskapinga i landbruket. Landbruket kan potensielt også vere ein del av løysinga. Landbrukets eigen klimaplan bygger på dette, og er ein felles plan for klimatiltak som faglaga og mange landbruksorganisasjonar står bak. Les meir om det her

Det er viktig å sjå på moglege løysingar og verktøy for å endre rekneskapen av klimautslepp frå landbruket. Ved oppstart av prosjektet i 2019 var målet å utvikla metodar og verktøy saman med næringa og bidra til meir kunnskap ein kunne nytte lokalt. Eit viktig klimatiltak me såg på er auka karbonlagring i landbruksjorda. Jorda inneheld to til tre gonger så mykje karbon som atmosfæren, og sidan arealet er stort, kan ein liten auke i karboninnhaldet i jord ha stor innverknad på karbondioksidinnhaldet i atmosfæren.

Det finst ulike tiltak og driftsformer som vert føreslege for å auke karbonlagringa i jord, redusere nitrifiseringa og redusere klimapåverknaden frå produksjonen. Me manglar kunnskap om kva for tiltak som er effektive og moglege å  gjennomføra under det klima, dei jordtypane og dei driftsformene me har på Vestlandet med utgangspunkt i Voss herad.

I prosjektperioden skal ulike tiltak for å auka karboninnhald i jord, både einskild tiltak, og fleire tiltak saman prøvast ut. Fagseminar, lokale fagmøte og oppbygging av nettverk skal mellom annan sikre kunnskap og kompetansebygging om klimapåverknader og effektive tiltak for å redusera desse,  for bonde, landbruksrådgjevar og - forvaltar.

Om bonden lukkast med klimatiltaka, vil det gje landbruket grøn konkurransekraft, og det er viktig for omdømmebygging og næringa si stoltheit og sjølvbilde.