Prosjekt Karbonfangst og andre klimavenlege tiltak for Vestlandsjordbruket

Landbruket slepp ut klimagassar, men kan landbruket og vere ein del av klimaløysinga?

 

Karbonfangst og andre klimavenlege tiltak for Vestlandsjordbruket

Prosjektet kom i gang i 2019 og er planlagt å vare til og med 2023. Voss herad eig prosjektet medan NLR Vest (Norsk Landbruksrådgjeving, avdeling Vest) har prosjektleiinga. Hovudmålet i prosjektet er å finna praktiske metodar for grovfôrdyrking på Vestlandet som aukar karbonlagring i jorda og reduserer klimautslepp frå produksjonen. Det er også fokus på mikrobiell aktivitet i jorda det vil seie jordhelse og jordstruktur. I 2020 er det lagt ut ein del feltforsøk der mellom anna kompost og biogjødsel (biorest) vert prøvd. Gjødsling med kalsium, svovel og bor inngår også i fleire av forsøka. I prosjektet har me fokus på mellom anna å ta vare på gardsavfall på ein god måte ved å kompostera det saman med lauvtreflis og litt møk. Dette er god mat for mikroorganismane i jorda. Det er og viktig at bonden lærer å kjenna si eiga jord. 

Prosjektet deler røynsler frå eige prosjekt og tips/ faginnhald frå andre tilsvarende tiltak m.a. på Faceboksida Karbonfangst i Vossajordbruket

Prosjektleiar og kontakt: Gunnlaug Røthe
Rådgjevar jordbruk, Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Meierivegen 5, 5705 Voss
Mobil: +4798245835
gunnlaug.rothe@nlr.no
vest.nlr.no