Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Mottak av masser og bakkeplanering

Mottak av masser og bakkeplanering

Mottak av masser og bakkeplanering av noko omfang er søknadspliktig.

Bakkeplanering

Bakkeplanering er arbeidet med å gjere brattlendt eller kupert dyrka areal betre skikka for maskinell jordbruksdrift. Det er å rekna som planering dersom det blir flytta massar som omfattar eit dekar eller større. Før arbeidet vert sett igang må du avklare med Voss herad om det er naudsynt med søknad. Anlegg må vera innretta slik at det ikkje oppstår forureining, skader naturmangfald, kulturminne eller kulturlandskap. Arbeid med bakkeplanering skal fylje Tekniske retningsliner for anlegg, drift og vedlikehald av planeringsfelt. og vert handsama etter forskrift om ureining. 

Mottak av massar

Mottak av masser av noko omfang krev kommunal handsaming. Planlegg du å ta i mot masser skal Voss herad ha søknad i forkant. Påfylling av over tre meter reine massar for utbetring av jordbrukareal i LNF-område vert handsama etter Plan og bryningsloven.  

Søknad

Dersom du ynskjer å gjennomføre bakkeplanering eller mottak av massar må du senda søknad til heradet.

Det føreligg ikkje noko eige søknadsskjema for mottak av masser, men ein søknad om mottak skal innehalde:

  • Generell omtale av prosjektet
  • Kart over arealet, storleik kring 1: 1000 - 2500, som viser kor massane skal tilførast. Omtale av arealet p.t.  og planlagt bruk etterpå.
  • Profil/snitt for området ved ferdig prosjekt
  • mengde (tal kubikkmeter)
  • kva type masser det er snakk om, kor kjem dei frå.
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføring av prosjektet
  • Evt. korleis skal massane transporterast, veg tilhøve, naboar, andre forhold av betydning for prosjektet

Skal massane plasserast på areal registrert som innmarksbeite, utmark /skog, krevst søknad om nydyrking.

Ved gjenbruk av mindre mengder med masser t.d. frå utbygging av tomt på eige eigedom, eller tiltak som er under 1 daa gjeld oftast ikkje søknadsplikt. Er du i tvil; kontakt heradet! 

Det er ingen søknadsfrist. Søknadar vil bli behandla fortløpande. 

Send søknad på e-post

Eigar og brukar av areal som er eller blir planert eller tilført massar er ansvarleg for at regelverk og retningslinjer vert fylgt. 

Lovverk og retningslinjer

Ureiningslova, kapittel 4
Rettleiar for drift og vedlikehald av planering, lukkingsanlegg og anlegg for kontroll av overflatevatn
Rettleiar: Jordmassar frå problem til ressurs
Kulturminnelova
Jordlova