Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Eigedomsoverdraging i landbruket

Eigedomsoverdraging i landbruket

Dersom du skal erverva fast eigedom tek du kontakt med oss for å avklara om ervervet er konsesjonspliktig eller ikkje. 

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak

Ikkje alle erverv av fast eigedom er søknadspliktige. Dei fleste erverv er konsesjonsfrie, men vanlegvis må du likevel senda inn eigenfråsegn om konsesjonsfritak til heradet. 

Søknadsskjema - Eigenfråsegn om konsesjonsfritak

Meir om konsesjonsfritak

Konsesjon av fast eigedom

Konsesjon er løyve til erverv av fast eigedom. Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom skal sendast til heradet, og vil vidare bli handsama i politisk utval for næring og tiltak. 

Søknadsskjema - Konsesjon på erverv av fast eigedom

Meir om konsesjon

Lovbestemt buplikt

I samband med konsesjonshandsaming kan kommunen setje vilkår om buplikt på landbrukseigedommar. 

Bebygd eigedom der fylldyrka og overflatedyrka jord på eigedomen er meir enn 25 dekar, eller der eigedomen har meir enn 500 dekar produktiv skog, kan ervervast konsesjonsfritt grunna odelsrett eller slektsskap. Konsesjonsfritaket er då på vilkår av at ervervar må busetja seg på landbrukseigedomen innan eit år. Dersom ervervar ikkje kan busetja seg på lanbrukseigedomen, må han søkja om konsesjon. 

Kommunen kan og setje vilkår om buplikt på andre landbrukseigedomar i samband med konsesjonshandsaming.

Meir om buplikt.

Sjå òg odel og driveplikt.

Søknadsfristar

Me oppmodar deg om å senda inn søknad til heradet i god tid før overtaking av eigedommen, då saka skal handsamast i politisk utval etter førebuing av sakshandsamar. 

Pris 

Det vil verta krevd inn eit sakshandsamingsgebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker på kr. 5000,-.

Kva skjer vidare

Når du har levert søknad til kommunen, vil sakshandsamar førebu saka til politisk utval, som har vedtaksmynde. Når vedtak er gjort, får du tilsendt vedtak og faktura for sakshandsamingsgebyr. 

Klage

Du kan senda klage til heradet innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen vil bli handsama i politisk utval og kan verta send til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 

Lovverk

Regelverk for konsesjon