Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Godtgjersle for innlevering av piggtråd

Godtgjersle for innlevering av piggtråd

Ved dokumentasjon på innlevert piggtråd til Indre Hordaland Miljøverk, gjev heradet kr 4,- per meter i godtgjersle.

Levering av piggtråd

Innsamla piggtråd skal leverast til Indre Hordaland Miljøverk i Bjørkemoen. Ved innlevering av piggtråd vil du få kvittering for mengde piggtråd levert. Kvitteringa du får her vil vera grunnlag for utbetaling av godtgjersle frå heradet.  

Utbetaling

Utbetaling av godtgjersle skjer fortløpande etter kvittering for innlevert piggtråd er levert til heradet. Det vert utbetalt kr 4,- per meter innsamla piggtråd.

Send kvittering på e-post

Rabatt hjå FK-butikken på ny tråd ved byte

Gardsbruk som byter ut piggtråd med tråd utan pigg, får 10% rabatt på ny tråd hjå FK-butikken. Du får rabatt når du viser kvittering frå Indre Hordaland Miljøverk for levert piggtråd. 

Lovverk 

Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord
Anna regelverk og rundskriv