Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Jordleige

Jordleige

Leigeavtale skal vera skriftleg og på minst 10 år for at driveplikta skal oppfyllast. Kopi av leigeavtale skal sendast til kommunen.  

Driveplikt

All jordbruksjord har driveplikt. Dersom du ikkje ynskjer å driva sjølv, kan driveplikta oppfyllast ved utleige av jordbruksjorda.

Brot på driveplikta kan føra til at

  • Eigar blir pålagt å leiga vekk jorda i inntil 10 år
  • Jorda vert planta til med skog
  • Det vert gjort andre tiltak av omsyn til kulturlandskapet

Jordleigeprisar

Prisar for leigejord varierar etter etterspurnad, kor lettdrevne areala er, kor drenerte areala er, og kor godt eigna til produksjon areala er.

Jordleigeprisar frå Landbruksdirektoratet 

Leigeavtale

Utleigeavtalen må:

  • Vera skriftleg
  • Vera på minst ti år, utan høve for eigar å seie den opp
  • Føra til driftsmessig gode løysingar 

Formular for jordleigeavtale (PDF, 63 kB)

Kopi av leigeavtalen skal sendast til kommunen.

Send kopi av leigeavtalen elektronisk

Lovverk

Jordlova
Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket