Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Landbruksvegar

Landbruksvegar

Landbruksvegar har ofte kombinert bruk; dei kan vere knytta til kommunal veg, kan gå gjennom jordbrukslandskap, skog og utmark og enda i eit stølsområde.

Vegar i landbruket

  • Ofte bygd i eit fellesskap mellom fleire gardsbruk
  • Veglaget er ansvarleg for tilsyn og vedlikehald av vegane
  • Vegbom dersom ein ynskjer å avgrensa motorisert ferdsel
  • Vegar til attraktivt turterreng vert ofte tilrettelagt med parkeringsplass og vinterbrøyting
  • Dersom veglaget ynskjer å ta bomavgift må dei ha godkjenning frå kommunen

Søknad

Søknad om bygging av landbruksveg:          Skjema SLF-902

Søknad om tilskot til vegbygging:                  Skjema SLF-903

 

Rekneskapssamandrag for skogveganlegg: Skjema SLF-904

 

Avkøyrsle landbruksvegar

  • Alle nye eller endra avkjørsler (også endra bruk) til kommunal veg skal godkjennast etter Veglova. Det er Voss herad sine retningsliner som gjeld.
     
  • Ny eller endra avkjørsle som er vist i reguleringsplan treng ikkje godkjenning etter Veglova, men må likevel byggjast etter retningsliner for avkjørsler til kommunal veg.
     
  • Normalt krev opparbeiding av avkjørsler også byggjeløyve etter Plan & Bygningslova.
  • Det må og søkjast graveløyve før gravearbeid i eller nær kommunal veg tek til.
     
  • Saker som gjeld avkøyrsle frå fylkesveg, riksveg og europaveg går gjennom Statens vegvesen. www.vegvesen.no
     

Søknad


Du må leggja ved grundig dokumentasjon;  kart som visar avkøyringspunktet frå kommunal veg (1:500) med stigning, svingradius og frisiktsoner og evt andre relevante teikningar. Gjerne digitale bilder.

Søknad sender du på epost til postmottak@vossherad.no
 

Søknad om byggjeløyve

 

Lovverk

Veglova

Kontakt

Anders Gjøstein
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 952 62 093