Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Nydyrking

Nydyrking

Ynskjer du å dyrka nye areal til landbruksformål, må du søkje til kommunen. 

Nydyrking er fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark, eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking. 

Søknad

Dersom du ynskjer å dyrka nye areal til landbruksformål, må du sende søknad til kommunen.

Søknadsskjema

Det er ingen søknadsfrist. 

Nydyrkingstiltaket kan ikkje setjast i gang før planen for nydyrking er godkjend av kommunen.
Dersom nydyrking ikkje er sett i gang innan 3 år etter løyve er gjeve, fell godkjenninga vekk. 

Lovverk

Forskrift om nydyrking
Anna regelverk