Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Spreiing av husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel

Mellom 1. september og 15. februar er det forbod mot gjødsling. Voss har eiga forskrift som opnar for spreiing av gjødsel fram til 1.oktober, og du kan søkja om løyve fram til 1.november.

Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel for Voss

I perioden frå siste spreiedato og fram til 1.november kan ein unntaksvis spreie gjødselvarer av organisk opphav under spesielt gode omstende og værtilhøve. Kravet er at gjødsla skal pøyast ned innan 18 timar etter spreiing. 

Det er ikkje på noko tidspunkt høve til å spreie gjødselsvarer av organisk opphav på snødekt eller frosen mark. 

Forskrift for spreiing av husdyrgjødsel for Voss

Ved spreiing av husdyrgjødsel etter 1.september gjeld

  • At ein maksimalt kan spreie 3 kvadratmeter per dekar
  • At ein mot alle vassdrag set att ei sone på minst 10 meter som ikkje vert gjødsla

Ved lagring, uttransport og spreiing, skal det utvisast aktsemd når det gjeld vêrtilhøve, jordsmonn og flaumrisiko.

Etter 1.oktober må du søkje om løyve til spreiing av gjødsel

I søknaden skal du oppgje:

  • Mengde gjødsel som skal spreiast 
  • Kart som syner kvar gjødselen skal spreiast
  • Opplysningar om mengde per dekar
  • Tidlegare gjødsling
  • Eventuelle andre tilhøve av betyding

Send søknad på e-post

Lovverk

Krav til gjødselplan
Forskrifter og lovar kring husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel