Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Du kan få tilskot til drenering av tidlegare drenert jord med potensial for auka matproduksjon. 

Kvifor drenere jordbruksjord?

Drenering av jordbruksjord er avgjerande for eit godt agronomisk resultat og auke i matproduksjonen. Godt drenert jord vil også sleppa frå seg mindre lystgassar enn vassmetta jord.

Meir om drenering av jordbruksjord

Tilskotsstatsar for drenering av jordbruksjord

  • Kr. 30,- per meter
  • Inntil kr. 2000,- per dekar

Søknad

Dersom du eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan du søkja om tilskot til drenering. For planerte areal kan du søkja om tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

I søknaden skal du

  • Beskriva dreneringarbeidet
  • Gjere greie for kva dreneringstiltak du planlegg å gjennomføra, inkludert plan for dreneringa
  • Svara på spørsmål om kulturminner, naturmangfald og avrenning
  • Leggje ved kart med grøfteskisse

Søknadsfrist er 1.mai, men grunna få søknadar vert søknadar handsama fortløpande.

Søk om tilskot til drenering av jordbruksjord

Lovverk

Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord
Anna regelverk og rundskriv