Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tilskot til landbruksproduksjon

Tilskot til landbruksproduksjon

Som eigar av føretak som driv landbruksproduksjon er det ei rekke tilskot du kan søkja på. Målet med ordninga er å bidra til eit aktivt og bærekraftig landbruk.

Føretak som driv vanleg landbruksproduksjon kan søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Tilskotet blir berekna med ein sats per dyr eller areal.

Meir om tilskotsordningane

For å få tilskot må føretaket

  • Vera registrert i Einheitsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen
  • Driva vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar
  • Disponera dyr og areal det vert søkt tilskot for
  • Driva aktivt arealet det vert søkt tilskot for

Meir om vilkåra for å vera berettiga tilskot

Søknad

Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid har to søknadsfristar i året:

  • 15. mars
  • 15. oktober

Søk om produksjons- og avløysartilskot

Utbetaling av tilskot

Utbetaling av produksjon- eller avløysartilskot skjer ein gong i året.
Utbetalinga vil bli gjort om lag i veke åtte året etter søknaden er sendt.

Lovverk

Forskrift om produksjonsstilskot og avløysartilskot i jordbruket
Forskrift om gjødslingsplanlegging