Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Dersom du driv landbruksproduksjon med rett til produksjonstilskot, eller er eigar av landbrukseigedom der det skjer drift som har rett til tilskot, kan du søkja om SMIL-midlar. 

Kvifor spesielle miljøtiltak i jordbruket?

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket handlar om å gjennomføra miljøtiltak utover det ein kan forventa av vanleg jordbruksdrift. Formålet er å fremja ivaretakinga av naturen og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt redusera ureining frå jordbruket. 

Søkje om SMIL-mildlar

Føretak som driv landbruksproduksjon med rett til produksjonstilskot, eller eigarar av landbrukseigedomar der det skjer drift som har rett til tilskot, kan søkja om SMIL-midlar. 

Søk om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Søknadsfrist for Voss herad er 1. mai. Dersom det er midlar til overs vert det ny søknadsrunde 1. september. 

Kva skjer vidare? 

Heradet sakshandsamar søknaden og skriv vedtaksbrev.
Utbetaling skjer gjennom den digitale sakshandsamarløysinga Agros. 

Lovar og reglar

Forskrift for SMIL-tilskot
Rundskriv
Kommunal strategi for tilskotsordninga "spesielle miljøtiltak i jordbruket" (Smil) 2016-2020 for Voss kommune, med tillegg (PDF, 328 kB)