Pliktig avsetnad
Skogfond er ein pliktig avsetnad der føremålet er å sikra finansiering av eit bærekraftig skogbruk på eigedomen. For alt omsett verke på eigedomen skal 4-40 prosent av bruttoverdien avsetjast til skogfond. Ved sal av jolatre og pyntegrønt er det valfritt om ein ynskjer å betala inn til skogfondet.
Innbetaling til skogfondet
Innbetaling av skogfondet skjer vanlegvis ved at tømmerkjøparen trekk skogfondavsetnaden frå i oppgjeret med skogeigar, og betalar denne inn til skogfondkontoen. Dersom skogeigar ynskjer å betala inn meir til skogfond enn det som allereie er trukke innanfor same kalendarår, er det anledning til dette.
Ved småsal direkte frå gården, av til dømes material og ved, må skogeigar sjølv betala inn til skogfondet.
Bruk av skogfondet
Alle skogeigedomar har ein eigen skogfondkonto. Skogfondet tilhøyrar skogeigedomen, og skal der brukast av skogeigar. Skogfondet kan brukast til:
- Skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie
- Nybygging og ombygging av skogsvegar, samt ombygging av velteplassar
- Vedlikehold av skogsbilvegar og velteplassar
- Miljøtiltak, som pleie av kantsoner i skog
- Skogbruksplanlegging
- Bioenergianlegg og utstyr for varmeleveranse
- Forsikring av skog
- Kursavgift og kursmateriell for kurs knytta til drift av skogen
- Oppmerking av eigedomsgrenser i forbindelse med jordskifte
Fondet kan og dekka meirverdiavgift knytt til dei aktuelle tiltaka, men då utan skattefordel.
Utbetaling av skogfondmidlar
Dersom du som skogeigar ynskjer å få utbetalt skogfondmidlar må du henvenda deg til skogbrukssjefen i heradet. Du må kontakta heradet seinast eit år frå utgangen av kalendaråret investeringa er gjennomført.
Heradet er godkjenningsmyndigheit for dei utførde tiltaka.