Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Leige av torgplass

Leige av torgplass

 

Ting torgplass ved å sende oss ein e-post der du skriv

  • Kontaktinformasjon til kontaktperson
  • Ynskja leigeperiode:
    Torgplass kan bestillast for maksimalt fire månadar om gongen
  • Ynskja størrelse på torgplass:
    Liten plass: inntil 5 meter
    Stor plass: over 5 meter
  • Om du ynskjer plass med eller utan straumtilkopling
  • Kva du ynskjer å selja

På torget kan du selja

  • Tradisjonelle torgvarer
  • Lokalprodusert mat og produkt 
  • Produkt med lokal tilknytning
  • Sesongprodukt

Prisar

  • Liten plass: under 5 meter
  • Stor plass: over 5 meter
Prisar - Torgleige
Tid Liten plass Stor plass Tillegg for straum
Per månad 1100 kr 1265 kr 400 kr
Per veke (måndag-laurdag) 700 kr 960 kr 145 kr
Per dag, måndag-torsdag 215 kr 320 kr 35 kr
Per dag fredag-laurdag 215 kr 420 kr 35 kr

Torgleige dekker leige av tilvist areal og rett til uttak av vatn.

    Praktisk informasjon om torgplass

    • Torgplass kan berre nyttast på kvardagar, og seinast til kl. 20.00
    • Tilsendt leigebevis skal liggja synleg på tildelt plass
    • Torghandlarane må halde seg innanfor tildelt areal skissert i leigebeviset:
      Torgplassane er oppmerkte med små, raude knottar. Det er 5 meter mellom kvart merke.
    • Nøkkel til straumskåp kvitterar du ut og inn i servicetorget
       

    Retningslinjer for torgleige i Voss herad 

    Kontakt

    Innbyggjarservice
    E-post
    Telefon 56 51 94 00